Meny Lukk

Ein dag i slåtten – Av Johannes K. Aarset (1903-1922)

Det var ein dag i juli. Eg vakna av at far ruska i meg. Soli skein alt gjenom vindaugo til meg. Då var eg ikkje sein til å byksa ut or sengi, og klæda kom på meg i ein fart. So gjekk burt åt vindauga. Far gjekk med langorvet og svinga seg i skårarne, og ei erla gjekk og leita etter makk og fluga. Det var ei lyst å sjå kor snerti ho var å napa og hakka. So gjekk eg ned i stova. Der stod maten og venta på meg. So barst det av ut på garden. Doggi låg utover marki. Trei stod og saug i seg den friske lufti. Hanen gjekk og kokla med hønsi, og dei svara. So sprang eg stad og brynte meg ein ljå, og tok til å slå. Graset la seg ned so fint, og den eine blomen etter den andre laut i koll. So song eg: «Ja svinga du slåttar og vollarne snøyd.» Um ei rid var doggi burte, då tok me til å kasta høysåtor. Eg stupte kråka og gjorde andre rundkast so det gjekk i ei fart. Då me hadde ete middag gjekk dei vaksne og lagde seg til å sova. Me borni gjekk då stad og snudde høyet. Då me var ferdige, gjekk me og skulde lauga oss. Me dukka og vod, og me rulla oss av barden og ut i elvi, og bykste ut i baklenges. Då me kom upp att, var dei vaksne nett uppstadne. Då sa han fart at no eg laut etter hesten. Eg lagde av stad. Fuglarane song, og ikornet fôr og smatta og knaska på neter. På gamle trestubbar var der store knyskor. Ned på marki var der jordbær, og småkrek krabba der. På ender og ein staden var der maurtuvor, og mauren gjekk der og arbeidde på tuvorne sine. Endeleg såg eg hesten vår. Då eg kom nedatt, sela eg han og spente fyre og køyrde til turkeplassen. Då eg kom dit, tok eg til å føra høyet i hop til ei mua. So tok far og lesste. Far køyrde, og han laut gjera fleire vendor. Då me var ferdige med køyringi, tok me til å sæta. Det gjekk og i ei fart. Bror min og eg skåra. Då me so var ferdige med sætingi, tok me til å slå. Fyrr eg gjekk innatt, sette eg meg til å sjå ut 0ver marki. Alt som var so fint um morgonen låg no liksom og sov, og det låg som ei tung skodda av dogg over alt saman. So gjekk eg og åt, og um ei rid låg eg og drøymde um då eg rulla meg i elvi.

Or Norsk Barneblad nr 16, 22. april 1917.

Johannes K. Aarset var son til Anne Marie og Karl Aarset, gardbrukarar i Sollida på Årset. Mor hans døydde av «Tæring» hausten 1920. Sjølv døydde han ein aprildag i 1922 av lungetæring, 18 år gammal. I løpet av dei neste to tiåra tok tuberkulose livet av tre av dei andre syskena hans. Av syskena hans Johannes var det einast Magnhild Koppen og Aslaug Haugen som skar klar den fælslege sjukdomen og fekk «vanleg», lange liv.