Meny Lukk

Lite grann lettbåtsoge for Nøre-Vartdal 1945-62

På heimesida til Fiskeridirektoratet er tilgjengeleg eit utval av Merkeregisteret for fiskefarty sine årlege registreringar, stort sett for andre- og tredjekvart år.

Her finn ein at Hans I. Vartdal mfl hadde M-27-VD «Trebolius» registrert 1945-50. Båten var 18 fot lang og 5 fot brei, utstyrt med ein 3 hestars Wichmann. Ukjent byggeår. Ingen båt frå Nøre-Vartdal i 1952-registeret. Frå 1954 til 1960 finn ein M-4-VD Tito, også registrert på Hans I. mfl. Denne båten var òg 18 fot lang, bygt i 1944, med ein 5 HK Marna-motor. 1960-62 finn ein M-23-VD Kvikk registrert på «Matias» Vartdal. Som dei andre to var Kvikk ein 18 fot lang båt, men litt breiare med sine 5,5 fot, og utstyrt med 11 HK Marna. Kvikk var bygd 1952.

Åsmund Masdal og Kjartan Vartdal er samstemt om at Kvikk vart seld til Sørlandet. Kjartan fortel at han var med på turen då faren Hans førte båten til Ørsta, der han vart lasta om bord i ein fraktebåt. Han som kjøpte Kvikk skal ha vore svogeren hans Olav B. Aarset. Jakob Vartdal seier etter faren Mattias at med bensinmotor var båten dyr i drift.

[Nils-]Leif Vartdal fortel at motoren på M-27-VD måtte sveivast i gong, og at det hende det tok so lang tid at sveivaren fekk treboler i nevane, derav utnamnet Trebolius. Leif kan også fortelje at Hans og Mattias ein gong gjekk ut i Breisundet med ein av desse lettbåtane, i lag med Masdal-Laurits og Nils-Peder, med ein færing på slep. Der ute steig Laurits og Peder om bord i færingen og fiska frå denne. Elles vart desse båtane, kasserte frå sildefiske, lite brukt til fiskje, så langt Leif og Åsmund minnest.

Leif og Peder fylgde ein gong med Hans bort i smia i Liavågen, der Peder fekk sveist ein vasskall i metall til ein av slipesteinane i kvernaveita. Leif legg til at han og Per Inge lærte seg å symje ved å ta seg bort til lettbåten, når han låg på svai i Årskogvika. Og Andreas Vartdal tenkjer at det var jammen bra det alltid enda godt, då når han og kameratar dreiv og dukka frå båten ned på leira etter skjell.