Meny Lukk

Om klokker og ur

I 1899 vann ho Hansine, opphavleg frå Toregarden i Nørevartdal, eit vekkarur på «Fiskerbazaren» i Ålesund. Eg vil tru ingen i Vartdal då hadde vekkarur. For kva skulle dei med det, i det som var eit reint bonde- og fiskarsamfunn. Vekkaruret var og er eit produkt av industrisamfunnet, eit middel til å disiplinere arbeidaren så han/ho møtte opp til dei tider sysselsetjaren ville. Dei einaste i Vartdal som kanskje såg nytte i å fylgje klokketida, må ha vore lærarane. Inntrykka frå den gamle skulen er likevel at læraren, og på 1800-talet var det berre ein enkelt lærar på skulane, han styrte skuletimane og lengda på desse etter eige hovud. I heimane var det jamnast husmora som stod fyrst opp, og det gjorde ho nok oftast ganske fort etter ho vakna. Og ho vekte resten av husfolket alt etter kva arbeid som skulle gjerast den aktuelle dagen. Arbeidet, og husbonden, bestemte tida og tidsbruken. I det daglege var elles soluret rikeleg nøyaktig nok. Derimot veit ein at både ein og hin av karane i dei dagar hadde lommeur. Og med desse ura fylgde det ikkje så lite status. Stubbar som fortel om han som støtt og stendig grov fram lommeuret, er i så måte prov nok. Armbandsur var det ikkje mange av i Vartdal før på 1920-30-talet.

Et lommeur

fiskedes fredag for 14 dage siden på line udpå havet. Selvfølgelig var inventionen noget medtat. På stedet var 120 favne vand. Det skulde være omtrent der, de to mand af en skøite fra Røsvig kom bort for 2 år siden. Forøvrigt kunde jo uret være mistet der under fisket. Finderne var Jakob J. Bjerke og Knud O. Drabløs. Et nokså stort lykketræf skulde det til, for at angelen under de nævnte forhold skulke træffe net ind gjennem det lille ring på uret. (Søndmørsposten 2. april 1897)

Med eit visst sannsyn kan ein seie at dei to fiskarane var Jakob Jørgensson Bjørke (1851-1928), gardbrukar i Hansgarden Bjørke i Hjørundfjord, og Knut Ottosson Drabløs (1848-1921), gift med ei enkje i Barbrogarden Dravlaus i Sykkylven. Fiskedagen 19. mars 1897 har dei drive linefiske etter torsk, mykje truleg frå ein dory sett ut frå ei storskøyte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *