Hansine Ellingsdotter Nørevartdal var fødd 4. mai 1868 i Nørevartdal som den tredje i rekka av dei fem døtrene til Elling Ingebrigtsson og Berte Persdotter i Toregarden. Sommaren 1869 vart Hansine vaksinert mot koppar, slik alle born i heradet hadde vorte sidan 1820-åra. Ni år gammal flytta ho med familien or klyngjetunet og til der Toregardane sidan har hatt tyfter. Hausten 1885 var Hansine i teneste på Skeide i Ulstein då ho vart konfirmert i Ulstein-kyrkja. Presten meinte ho hadde «temmelig godt» kristendomskunnskap og god «flid». Ei opplysning kan tyde på at ho måtte gå 2 år før ho fekk prestehanda over seg. 23 år gammal deltok ho i arbeidet heime i Toregarden. Sidan flytta ho til Ålesund og skaffa seg livsmidlar på eiga hand. I januar 1899 kjøpte ho lodd på «Fiskerbazaren» i byen og vann seg eit «Vækkeruhr». Same året den 1. oktober gifta Hansine seg med fiskaren Karl Pedersson Brevig (1874-1953) frå Ålesund (Borgund), vigsla gjekk føre seg i Hareids-kyrkja der ho var døypt. Etter mange år på havet fekk Karl jobb som bryggjeformann. Kring 50 år gammal byrja han i stilling som fiskevrakar i Ålesund overvrakar-distrikt. Fyrste tida budde ekteparet i Steinvågvegen. I 1910 heldt dei hus i Giskegata 24, ti år seinare i Øvre Strandgate. Den 15 år gamle brordottera hennar Hansine, Astrid frå Heimste Toregarden, var i 1920 tenestejenta deira. Hansine og Karl fekk ikkje born, men tok ein gong føre 1910 til seg ein gut, Bertrand/Bertram, fødd 1905/6. Hansine døydde i Ålesund 7. desember 1955.