Meny Lukk

Dyrskuet på Vartdal 1872

3. juni 1872 arrangerte landbruksselskapet i Romsdals Amt og Selskapet for Norges Vel dyrskue (fesjå) for Ulstein herad på «søndre Vartdal». Dei som melde inn dyr til utstillinga, måtte betale eit gebyr: «6 Skilling pr. Stud, Ko eller Kvige og 2 ort pr. Faar». Utstillarane måtte sjølve ha med seg pålar til å tjore fast dyra sine.

Det var stilt ut 2 oksar, 67 kyr, 7 kviger og «nogle Faar». Ein okse, 5 kyr, 2 kviger og 2 sauer «fandtes præmieveærdige». I tillegg vart det stilt ut prøver av smør, pultost og myseost. Av dei 6 som hadde smørprøver, fekk prost Madsen og Johannes R Sørevartdal (Lars-Johans) premie for smøret.

Kjelde: Avisa Møringen som kom ut i Volda.