Meny Lukk

Folk frå fortida – Hans J. Vartdal (1927-1994)

Hans J. Vartdal var yngst av dei fem borna til Jakob og Anna på garden Bakken i Nøre-Vartdal. Tett på fire år gammal mista han mor si. På Bakken voks han deretter opp i lag med far, tre brør, ei syster og besteforeldra. Til liks med dei eldre brørne barst det i veg på sjøen. Våren 1946 var Hans og det eitt år yngre syskenbarnet Hans Ødegård fangstfolk om bord i selfangstskuta Frithiof, ei skute som Elling Aarseth eigde og disponerte. Turen enda med forlis, alle 18 om bord kom seg over i Polhavet. Skuta og fangsten deira på 1086 dyr gjekk tapt. Sommaren 1949 gifta Hans seg med Borgny Volle i grannelaget. Dei vart foreldre til to gutar og fire jenter, yngste guten døydde ganske straks. Etter å ha budd nokre år i Vollegarden i Nøre-Vartdal, fekk Hans og Borgny i 1957 bygt seg hus og eigen heim nær ved foreldreheimen hans på Bakken. Her voks borna Atle Jarl, Ragnhild, Hildebjørg, Margun og Anne Brit opp i 1960-70-80-åra. Ein har ikkje full oversikt på kva båtar Hans stod ombord i. Ganske sikkert var han med Vesleper ei tid i 1950-åra, mykje truleg også Dolsøy. I siste halvdel av 1960-åra var han bestmann på Kirkholmen. Til sist var han i mange år bestmann om bord i Sæbjørn. Bakke-Hans slutta sjøen nokre år før han døydde.