Meny Lukk

Dramatisk isbjørnfangst i Strætet – Av Einar J. Aambakk

Det var i 1927 dette hende. Me låg i klappmyssfangst i Strætet og hadde ordre frå reiaren om å fange levande isbjørnungar og ta dei med heim. Det var ein zoologisk hage som skulle ha dei.

Det var slarkefangst, og me fangsta vaktevis. Og no var det på ettermiddagen, to skyttarar var i tønna. Då kom me fram på ein bjørn. Skyttaren meinte han var for stor å fange levande. Difor vart han skoten og teken ombord, og lagd på storluka. Då skipperen kom på dekk for avløysing og fekk sjå bjørnen, sa han: Ditta kunne vore ugjort. Dinna kunne me ha teke levande, så ha med no hatt ein.

Då skipperen kom opp i tønna, fekk skyttaren seg ei skrape for det han hadde gjort, det var godt å forstå på han då han kom ned. Me fekk ein og annan selen, så fangstbåten var halvfull av skinn. No var det straks vaktskifte, så båten vart hala fram på sida av skuta for å verte tømd. Brått vart det ropa: Bjørn! Styrbordsvakta sat og fekk seg mat, og var heller ikkje fullt påkledd, så det vart babordsvakta, med to skyttarar, som fekk ordre om å gå i båten. Det verste var at me fekk ikkje tid å tøme båten for skinn, for det hasta med å kome seg av garde.

Bjørnen låg og sumde i råka, så det var berre hovudet som var synleg. Men då me kom han på nært hald, såg me at det var ein fullvaksen bjørn me hadde for oss. – Det er ein ekte gråtass, sa skyttaren. – Men skipperen skal få bjørn. Det kan han lite på. Bjørnen skal fangast. Koste kva det vil.

Dette var reine hasarden, å legge seg i kast med ein fullvaksen bjørn. Men det ville me vere med på, for det var veldig spanande. Me var no berre nokre unggutar som ikkje skjøna kor farleg dette var. Det som galdt, var å ro båten fram på ryggen på bjørnen og få dragelykkja nedover halsen på han. Men bjørnen let seg ikkje fange så lett. Då me nærma oss, dukka han og synte oss rumpestussen, eller han dukka under eit isflak og kom oppatt på andre sida. Det gjentok seg gong etter gong. Så me var heilt utkøyrde av å ro den tunge båten.

Endeleg fekk me jage han bort i ei stor råk, og der nådde me han og skyttaren fekk tauet nedover hovudet på han. Ein av karane skulle hjelpe til å drage i tauet, men drog så forkjært at det glapp av og bjørnen var fri att. Men då vart skyttaren så rasande at me trudde han hadde trampa hol i båten, og han var sikkert farlegare å kome nær enn bjørnen.

No hadde han fått blod på tann. Bjørnen skulle fangast. – Ro vekk – ro vekk! skreik han. Me sleit og rodde så sveitten rann, og no gjentok det same spelet seg. Dyret leika seg med oss, dukka og kom oppatt på ein langt annan kant, eller det dukka under flaka. Me var ferdige til å gje opp, men no hadde me fått jaga bjørnen fram i ei stor voke.

– No eller aldri, tenkte me, og rodde det me orka. Skyttaren fekk stroppa på han, og no sat ho. No galdt det å få snudd båten og å få slepe bjørnen etter seg, men dette var vanskeleg med den tungrodde båten. Før me fekk sukk for oss, hivde bjørnen seg rundt og hengde båe framlabbane på ripa, og heldt på å kolve båten. Me hadde ikkje anna å verje oss med enn årelomane, og børsekolben til å støyte med. Å skyte var det ingen som torde nemnde. Me støytte og hamra på bjørnalabbane, og endeleg sleppte han taket.

Det var medan dette basketaket stod på at hareidsdølingen ropte til oss: – De må ’kje vere redde ’nå. Han er ikkje meir enn fyr ein vintring!

Skuta var ikkje langt unna, så dei såg kva som gjekk fyre seg. Men det dei ikkje visste, var at det var ein fullvaksen hannbjørn me slost med. Endeleg fekk me snudd båten, og fekk bjørnen på slep etter hovudet. Me rodde til skutesida med han. Vinsja vart mova, og me fekk ned mantelkroken, som vart huka i taustroppa. Så vart den svære bjørnen hivd opp etter hovudet. Han nådde midt opp i riggen, men det var gut som beit og klønte frå seg.

Alle ombord stod ved rekka og skulle sjå, og ingen tenkte på å stramme geieren på andre sida, så bommen la seg over mot riggen. Bjørnen fekk tak i vevlingane, og beit og klønte. Skipperen i tønna fekk seg ei alvorleg risting.

Då endeleg kom det forløysande ordet: Skyt han! Og det vart gjort. Bjørnen fekk seg ei kule gjennom hovudet og var ferdig. Eg trur alle drog eit lettelsens sukk, med unnatak av 2. skyttar, kanskje, for dette var då reine galskapen å halde på med. Skipperen forstod nok spelet, men han sa ingen ting. Endeleg kunne babordsvakta ta fri. Me var gjennomvåte og sveitte og heilt utkøyrde etter basketaket.

Dagen etter var me heldigare. Då kom me frampå ei binne med tvillingar. Det var som bestilt for oss. Binna og ungane låg og sumde i råka. Binna vart skota, og så galdt det å fange ungbjørnane. Den fyrste gjekk det greitt med, men den andre kom seg opp på isen, og me heldt på å misse han. Men ved eit utruleg hell, fekk me fange han. Bjørnungane var på storleik med ein sau, omtrent, men eg skal seie at dei var ikkje så gode å hanskast med, sjølv om dei var små. Det verste var at dei angreip kvarandre, og dei hadde vel gjort kål på kvarandre om dei hadde sloppe til.

Me fekk dei omsider ombord. Dei vart førebels forsvarleg bundne i ringboltar, for desse karane kunne ein ikkje ha gåande lause. No galdt det å få lage bur åt dei så snart som råd var: material hadde me med oss.

Skipperen hadde vel kanskje oppdaga at eg kunne handtere øks, sag og hammar. Så han kom til meg og sa: Du Aambakk lyt gå i gang å lage bjønnabur. Få med deg eit par mann. Ja, det er greit det, svara eg, – men du lyt kome med teikning. – Ja, teikning skal du få, humra skipperen. No vart det hektisk for å få fort i stand buret. Og buret vart både solid og godt, lag av 2 toms plank. Me laga endåtil matskuffe åt bjørnungane. Men det varde ikkje så lenge, for når dei hadde ete frå seg, greip dei fatt i skuffene og så gjekk dei att og fram, ustanseleg, til dei var utslitne.

Buret vart plassert på tvers på halvdekket. Det var så langt at det vart trong passasje forbi det på kvar side, og dette vart ofte ei kjelde til forskrekkelse. Stuerten, som hadde proviantromet attapå bjønnaburet, fekk seg mang ein kipp når han gløymde seg og gjekk for nær mataholet. Då kom det ein labb ut gjennom som eit lyn og greip etter føtene hans, så han måtte sanneleg ha tankane sine med seg.

Ein dag skulle trehuken lårast av ein av karane som hadde gløymt bjønnane. Han stod med eine foten attfor mataholet, men han stod ikkje lenge der. Bjørnen beit inn i støvelen og reiv ut, men var berre så vidt inn i foten. Mildt sagt var det ein del ufred med desse krabatane, og det hende òg dei skremde ned dyr for oss når dei bura og belja.

(Utdrag, lett redigert, frå artikkel i Møre-Nytt av 23. desember 1977)