Meny Lukk

Storstorm i januar 1933

Frå Nøre-Vartdal fær Sunnmørsposten denne meldinga: Natt til tysdag [3. januar] var her storstorm, og skade gjorde han, det fekk folk høyra og sjå då dei kom ut um morgonen. Svære tuntre låg brotne og velte. Takhellor var slengde av husa, og torvtak var meir eller mindre upprivne. Stormen hadde brote ned naustet til Nils Øygard, veggfjølene låg strøydde langt burtetter fjøra. Eine takhalva var kasta uppå ein hamar umlag 200 meter frå nausttufta. Skule-vedhuset låg i røys burte på marka. Ein revegard var heilt nedbroten. Dei fann att eit bur med tvo dyr i burte på ei myr langt frå garden. Den eine reven hadde brote foten so dei laut slakta honom. Tvo andre revar sette stormen på frifot. Telefonlina var brota, trådar slitne og stolpar velte. I heile går hadde tvo mann fullt arbeid med å setja telefonen istand.

Frå Masdal frettest at ein mann hev mist heile lødetaket. Hjå ein annan tok hardveret halve taket og eine veggen i løda. Ein kraftstasjon er øydelagd, og nokre naust hev fått større eller mindre skade. Gamle folk segjer dei kann ikkje minnast so sterk ein storm, men den tid han Liset-Ola var her endereiste sunnanvinden steingardane, og leika seg med kvennasteinane som dei skulle vere tylme[??].

Sunnmørsposten 4. januar 1933.