Anna M. Vartdal (1883-1958) var frå Pegarden i Nøre-Vartdal. Ho kom i 1905 inn ved diakonissehuset i hovudstaden. Fem år seinare arbeidde ho som diakonisse ved sjukehuset i Trondheim. 23. april 1913 var ho ei av 10 «søstre» som vart oppteken etter ha gjennomført 3. trinn ved Diakonissehuset. Opp til 1914 eller -15 var ho styrar ved ein pleieheim i Namsos. Deretter styrte ho barneheimen i Ørsta til hausten 1919. «Anna var ei uvanleg dugande kvinne på alle vis, eit edelt og godt menneske med eit vidt kristensyn. Under hennar styring… vart Sunnmøre Barneheim sitt namn kjent og fekk ein god klang utyver på Sunnmøre» (Smp 11.1.1929). Ho flytta så til Ålesund og var sjukepleierske, budde seint i 1920 i Bergveien med den 15 år gamle pleiesonen Petter Frøysa. Til sist var ho styrar av Borgund gamleheim til ho i 1939 sa opp grunna sjukdom. Anna flytta då heim til Nøre-Vartdal. Her var ho frå 1946 med i ei nemnd som skulle førebu bygging av gamleheim i Vartdal. Vartdal Gamleheim stod ferdig i 1954. Etter kvart fekk ho sjølv plass der, etter å ha budd nokre år i Ospholstova i Nørevartdal. Frå gammalt vart ho helst kalla Store-Anna, seinare gjekk det mest i Søster Anna. I alle år støtta ho opp om misjonsarbeid.