Meny Lukk

Folk frå fortida – Einar Remmen

Einar Remmen (1924-1990) voks opp i Nøre-Vartdal. Foreldra Martinus og Nikka bygde stovehus på Øydgarden i 1934, ei stove som Einar tok over i 1955 og livet ut var heimen hans. Seinhaustes 1948 gifta han seg med Judith Masdal frå Andersgarden. I løpet av dei seks komande åra vart dei foreldre til Nelfrid [Gravdal], Sollaug [Strand] og avdøde Edel Valseth. Einar var frå unge år fiskar om bord i ymse havfiskebåtar, det er nemnt «Osnes», «Dolsøy» kring 1954, så truleg «Havbryn», før han fekk plass på «Knut Vartdal» sist i 1950-åra. Heilt sikkert var han mannskap «Kirkholmen» midt på 1960-talet. Han var med «Kirkholmen» till 1968, då han vart sjuk og fekk påvist diabetes. Einar slutta då sjøen og tok seg arbeid på «land». Mange år var han sysselsett med førefallande arbeid på Aarseth-sjøbuda i grannebygda. Til liks med fleire av slekta i Nøre-Vartdal hadde Einar nokre få sauer. Attåt den vesle teigen ved heimen, henta han heim høy frå ymse markebøter i bygda. Sauehaldet gav matauk og stetta ei interesse for dyr.