Meny Lukk

Frå ungdomslagets fyrste tid

For noko tid sidan kom eg til å sjå i ein gamal forhandlingsprotokol til ungdomslaget. Det er frå den tid fyrste ungdomslaget var skipa, og forhandlingarne er ført nokso greit, so me fær godt tak i innhaldet på møti frå den tidi: og det ser ut som laget hev arbeidt godt dei fyrste åri. Fyrste møtet som det er referert av vart halde i Nilsstova den 8de januar 1892 og det var for Nørevartdal og Bugten til saman. Men det hev visst vore halde møte før òg, men kor mange møte som hev vorte haldne eller kor lenge dei hev halde på med ungdomsmøte, veit eg inkje. Men i referatet stend at møtet begynde og slutta på vanleg måte. Fyrst vart det bestemt at laget skulde gjeva ut eit blad som skulde upplesast på laget sine møte, og sendast til dei andre lag på Vartdalsstranda. Til utgjevarar vart vald Karl J Vartdal og Laurits Masdal. Det vart også bestemt at bladet skulde heita Ungdom. Fyrste gong Ungdom kom ut var den 13de januar 1892, det var på ungdomsmøte for heile Vartdalsstranda som vart halde i Nilsstova. Det skulde vore interessant og sett det fyrste bladet som kom ut, men det hev venteleg kome burt. Og sidan hev visst Ungdom kome ut umtrent på kvart ungdomsmøte. Fyrste årsmøtet som det stend referat av vart halde på Masdal den 7de januar 1893. Då vart vald til formann Olav Vartdal og nestformann Laurits Masdal og medstyrarar Bernt Vartdal, Karl Vartdal og Karl Rot. Redaktørar Karl Vartdal og Karl Rot, til kasserar vart vald Andreas Grønnevet og Laurits Masdal, og til revisorar vart vald Bernt Vartdal og Jens Ødegaard. Møtet er referert av Bernt Vartdal og Laurits Masdal. Sidan hev det vore halde ungdomsmøte umtrent 14de kvar dag um vinteren, um sumaren hev det inkje vore halde slat(??) møte. Til underhaldning på møte var sang og upplesing, dessuten foredrag og diskusjon umtrent på kvart møte. Det var helst um retyeøre(??) emne dei diskuterte og ungdomen tok mykje del i diskusjonane, i allfall gjestane, det ser ut som dei var dei rådande i dei dagar.

Kjelde: Lagsboka Ungdom, mars 1920.

Vartdalssoga II, side 599 og framover, fortel om ungdomslaga på Vartdalsstranda i desse åra frå kringom 1890 og åra frametter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *