Jon Persson Øye (1735-etter1808) tok i 1766 over drifta av den då einbølte farsgarden Øyane. Tunet låg i heile hans brukartid nede i elvedalen, og ikkje som no oppe på bakkane. Same året som han tok over gardsdrifta, fekk han skøyte på garden av Ulstein-presten for 80 riksdalar og vart sjølveigar. Året etter gifta han Jon seg i Ørskog-kyrkja med Synneve Olsdotter Nedre-Søvik (1739-1808) frå Søvikdalen i dagens Sykkylven. I dei dagar, ja, opp til tidleg 1900-tal, var det heller uvanleg at vartdalingar fann seg ektemakar i Sykkylven. Men denne familien i Øyane hadde kontaktar der inne, det ser ein av at minst to, ganske sikkert tre, av syskena hans Øye-Jo vart bondefolk i Sykkylven, eller i indre grannebygder.
Vartdalssoga Fyrste bandet, side 470f, fortel at Øye-Jo, som foreldra, hadde «vanskar med å greia seg økonomisk. I 1772 vart han stemnd til tings for 10 rd. i gjeld» til enkja Ragnhild Hallvardsdotter Årset og «nokre år etter vart han dømd for gjeld» til handelsmann Hans Jacob Mechlenburg i Vegsund.
Jo la seg fleire gongar ut i strid med grannar og andre. I 1771 fekk han åstadsforretning på garden, etter han og Vartdal-karane ikkje kunne semjast om bytelina mellom matrikkelgardane Øyane og [Søre]Vartdal. Denne åstadsforretninga er utførleg skildra på side 598 i den same Vartdalssoga. Jo fekk i ein viss mun medhald i sine krav.
Jo «masa så lenge på Årsetkarane at han fekk dei til å gje seg ein skogteig», skriv Johannes Buset. Men før ein kom så langt, hadde Jo bite Hans Årset i herda så blodet rann (uvisst kven Hans, det var fleire Hans’ar på garden) då Årset-karane og Jo kom i slåstkamp i vedaskogen. Mange år seinare, truleg, kom han i ordkast med presten Peder T. Buschmann, som åtte jord i Kvia. «Nei, min gode prest; vi held oss til lova, vi skal sjå kva ho seier», sa Jo. «Ja, min gode Jon; vil du fylgje lova, så har du ingen god granne», svara presten. Buschmann var sokneprest i Ulstein frå 1798 til 1822.
Kona Synneve «skulle vera eit gasta kvinnfolk». Ho møtte på tinget saman med mannen sin. Då skalv både Ørsta og Vartdalsstranda, herma dei etter folk. «Det skulle særleg vera ho Synneve som jaga etter Vartdalkarane, for di dei slo for langt fram mot Øye». Ho var elles lite nøgd med at «ho var komen i tronge kår i Øye». «Å, du Jo, du Jo, som sette meg på denne lille fetlingen, som ikkje er noko å liva ta».
Ettermælet seier ho Synneve var rådrik. Denne mentaliteten ser ein att i sønene Peder og Anders. Særleg utmerker Peder seg. Etter å ha drive Øye-garden eit tiårs tid, slo han seg ned på Ullahammaren i Haram som skipper og handelsmann «og dreiv det stort ei tid». Også Anders, som gifta seg til Årset og fekk Andersgarden kalla opp etter seg, skilde seg ut frå hittfolket på markant, positivt vis.