I eldre tid var ikkje grensone millom dei einskilde gardar og grender so greidt uppstaka som no. Der det var fleire gardar som låg bø i bø, som ein segjer, var innmarka teigebytt og på mange stader hadde dei årbyte, umkast, – ein mann slo ikkje same teigane kvart år. Skrapemark eller innleggsstykke kunde vera sameige; dei slo høyet i fellesskap og bytte det når det var turt.
Utmarki var sameige, og grensone millom dei ymse bygder og grender var ikkje alltid so greide. Der kunde vera ymse gamle merke, votu, elvar, dikje, store steinar, skar og tuvor i fjelli, og ymse andre merke, som ned gjenom tidene hadde vorte til faste grenseskil; men der var ofte strid um desse merke. Det er fyrst etter 1810-20 åri at der vart gjort noko nemnande for å fastsetja grensor i utmarki, avmerkte med bytesteinar og setja upp gjerde.
Det er ein forvitneleg bolk av gardssoga dette. Det kan difor vera verdt å nemna eitt og anna, som kan syna korleis det har vore i Ulstein prestegjeld i eldre tid. Garden Remen på Vartdal var kring 1760 berre ei lita bot, og Vartdal trengde innpå Remen frå alle kantar. Vartdal-karane slo Langtjønnmyra, den høyrer no til Remen. Skulde dei på Remen prøve å slå der, so kom Vartdal-karane og tok ljåne frå dei. Der kom ei kona på Remen, heitte Ragnhild, ho tok til å gjerde steingard, før var der berre torv og einegard. Ellest var det smått med gjerding, – dei slo mest, som mest vann. Vartdal-karane skulde verte reint forbina då dei såg at Ragnhild tok til å gjerda steingard. Ragnhild hadde ein stor stridbar hund ogso, som ho sette avstad på Vartdal-karane når dei vart for nærsøkne.
På garden Øye i Vartdal budde ein mann kring 1760–80, som vart kalla Øye-Jo. Han var svær å råva åt seg i skog og mark. I vedaskogen brydde han seg ikkje um bytelinor, han hogde der han vilde. Ein gong var han komen upp i Årset-skogen med hest og slede, for å hogga seg eit vedalass. Då vart Årset-karane harme og gjekk upp i skogen for å dengja han. Jo bykste upp på vedalasset og fikta med øksi. Hans Årset fekk tak i øksafeten (boget på øksaskaftet) so Jo fekk ikkje bruka øksi, men i staden beit han Hans i herda so blodet rann. Enden vart at Årset-karane laut gjeva Jo ein skogateig for å verta han kvitt.
Øyane var det lite um før, garden var liten. Der gjeng segn um at Vartdal-karane slo so langt fram, at dei hengde frå seg ljåne på torvkrokane på Øye-husi, når dei gjekk heim til matmåli i slåttonni. Kona til Øye-Jo, ho Synneve, var klok og rådrikja. Ho gjorde so mykje til det, at ho fekk skrivaren på garden og der vart halde som eit åstadskyn. Skrivaren skulde segja, etter at skynet var fråseggjort: ’Hadde Synneve havt eit vitne til, so hadde han dømt at bytet skulde vera lenger heime, men då der ikkje var meir enn eit vitne våga han det ikkje’. Synneve hadde kravt at bytet millom Vartdal og Øyane skulde gå etter ei elvasikle eller grov, men skrivaren tok berre halvvegs dit. Bytet kom likevel so langt heim at Vartdal-karane fekk ikkje lenger hava torvkrokane i Øyane til ljåhenge.
Det vert hermt etter Synneve: «Å, du Jo, du Jo, som sette meg på denne lille fetlingen, som ikkje er noko å liva ta». Ho tykte garden var liten, som han ogso var den tida.
Utdrag frå artikkel i Vikebladet av 20. januar 1933.