Inge Vartdal (1924-1993) voks opp i Pegarden i Nørevartdal. Han var den nest siste i rekka av dei sju borna mora Mina sette til verda. Far hans døydde før Inge var to år gammal. Inge var dei obligatoriske sju åra elev i eit skulehus i kring 100 meter frå heimen. Kort veg hadde han også til kyrkja konfirmasjonsdagen i oktober 1938. I slutten av januar 1945 var han mannskap om bord i «Norholmen» då fiskefartyet vart kapra av tre norske motortorpedobåtar i Straumsfjorden i Solund. Inge og dei andre hamna ganske fort i London, før Inge og dei fleste av dei hine karane fekk plass på skip i den norske handelsfloten. I 1947 kjøpte han seg ein Fargo lastebil, samstundes som han var fiskar tit etter han gifte seg. Ein gong 1950 byrje Inge hente mjølk på gardane i Nøre-Vartdal-bygda, Bukta, Barstadvika og Festøya, enno ei tid vart ho sendt med mjølkebåt til Ålesund. År 1953 skipa han og Jostein Kleiva transportselskapet Vartdal og Kleiva. Dette selskapet tok over all mjølketransport frå Vartdalsstranda til Sunnmøre Meieri i byen, med Inge som fast sjåfør. Mjølkelevering i spanner vart det slutt med i 1976, sidan har meieriet henta mjølk frå gardane med eigne tankbilar. Frå seint 1960-tal utvida verksemda oppdraga, fyrst med transport av mjøl for Møre Felleskjøp og tidlege 1970-år med frakt av møblar frå lokale møbelfabrikkar til forretningar på Austlandet. Dei seinare år var sjåføren Inge helst å sjå bak rattet på ein grønfarga Mercedes-Benz med ei opa lastekasse. Elles var han gjerne i arbeid på verkstaden ved riksvegen (no E39). Inge røykte. Mellom anna var han piperøykar, godt mogleg var han den siste i Nøre-Vartdal som praktiserte denne måten å få i seg nikotin. Han føretrekte tobakksmerket Blå Strek.

Kringom 1930 kjøpte Paul R Sætre, svogeren hennar Pe-Mina, ei kyr i Pegarden. Far til underskrivne var med for å jage på kyra vegen heim til Sætre og Rishaugen. Då dei forlet Pegarden kom Inge att i vegen og gav tydeleg beskjed: Ho heiter Due.
Mina, mor hans Inge, og fem syskena av hennar, var foreldre til i alt 41 born. Berre tre av desse 41 borna fekk to namn, alle tre for å minnast ein nyleg død slektning. Inge Hans fekk namn nummer 2 etter Bakke-Hans, faren sit syskenbarn, som døydde den dagen Inge vart fødd.