Meny Lukk

Folk frå fortida – G.O. Myklebust

Guttorm O. Myklebust (1876-1936) var frå Bakken på Myklebust. Tidleg synte han eit framifrå handelag, men skulde som flest alle vartdalingar fyrst freista fiske. Det lika han ikkje, for sjøverken var sleim. Han reiste så til Holmøyane i Indre Nordfjord og gjekk snikkarskule. Straks han kom heim, sette han hausten 1899 saman med Mads H. Sætre i gong ein snikkarskule, Vartdals Arbeidsskule, på Sørevartdal. Denne skulen dreiv dei med vinterkurs nokre år, sumrane var G.O. ute på bygningsarbeid. Sæss-Mass tok i 1902 over heile skulen, G.O. dreiv so, for det meste, i mange år som bygningsmann. Mange vene hus er reiste på Sunnmøre av G.O. Han var òg ein flink arkitekt. So tok han til med trelasthandel på S. Vartdal, men det heller gjekk ikkje der. Systri og ektemannen Hans Dahl var flytta attende til Nord-Amerika og kjøpt seg ny farm. Våren 1913 reiste G.O. yver til Nord-Dakota og bygde nye hus åt dei. Då han var ferdig med bygget til svogeren, fekk han seg straks arbeid på eit verk og arbeidde der om lag eitt år. Komen heim til Norge tok han straks på att med sitt gamle yrke. I 1931 reiv han seg laus frå Vartdal og fór til Borgund, kjøpte eit stykke på Holen ved Langevåg. Der reiste han ein stor, tidsmessig snikkarverkstad med lagerhus. Der dreiv han trelasthandel. Desse åra hev han vore den leidande i alt, både på verkstaden og på trelastlageret og drifta har vakse og arbeidsstokken auka frå år til år. Men so kjem eit uheld og gjer brått ende på han og tek han burt frå alt. Guttorm var vârnem og leverte seg aldri ut til andre enn dei han kjende seg heilt trygge på. I 1907 vart han fyrste formannen i Årsetdalen frilynde ungdomslag, atter formann 1910-13 og 1915-16.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *