Meny Lukk

Skattlegging før stortinget i 1892 vedtok direkte statsskatt

Formannskapslovene av 1837-38 gav kommunane rett til å krevje inn fattigskatt og skuleskatt. Desse skattane var meint å dekke utgiftene med å drive skulestellet, og finansiere påkomande kostnader kva gjaldt sjuke og eldre som sjølve ikkje hadde midlar til livsopphald. Gjennom resten av hundreåret og eit stykke inn i det 20. hundreåret heldt den eldgamle praksisen med legd for fattige trengande fram. Dei skrøpelegaste fattige vart då frakta frå den eine gardbrukaren til den andre etter avtalt tid. Slik sparte husbonden seg for reie pengeutlegg, og eventuelt fekk nytte seg av det som måtte vere att av arbeidsevne hos den fattige. Heilt opplagt var dette eit system som halla mot minimumsskatt.

Av fleire grunnar kom dette systemet over tid under press grunna veksande folkemengd og eit meir ustadig næringsgrunnlag for mange menneske. (Om enn ikkje i Vartdal.) For å møte desse og andre utfordringar vedtok stortinget 15. april 1882 ei skattelov som innførte direkte kommuneskatt på eigedom, formue og inntekt.

Før 1895 var Vartdal ein del av dåverande Ulstein heradskommune. I desse åra før direkte statsskatt vart innført, gjorde aviser kjent kor mykje skatt dei enkelte betalte. Det er ikkje fullstendige skattlister, berre dei som betalte meir skatt enn dei fleste fekk avdekt sitt skattøyre.

Søndmørsposten 17. januar 1889:

J S Nordrevartdal kr 37,84 – J G Myklebust 36,26 – Ole K Myklebust 34,88 – Anders O Erdal 34,25 – Bernt R Årset 32,40 – A M Romestrand 30,79 – Petter S Masdal 30,16 – Sivert E Sætre 29,91 – Peder M Kvien 28,65 – Ole E Lynge 28,08 – Ivar A I Årskog 27,74 – Bernt S Barstad 27,11.

J S Nordrevartdal hadde høgste formue: kr 8500 og høgste inntekt kr 910.

Søndmørsposten 23. desember 1889:

J S Nordrevartdal kr 39,91 – J G Myklebust 37,02 – Ole K Myklebust 36,43 – Johs K Buset 34,63 – Anders O Erdal 34,15 – Petter S Masdal 32,35 – Bernt R Årset 29,67 – E J Årskog (truleg Sørevartdal brnr 2) 29,42 – O E Lynge 29,19 – Lars N Festøy 28,24.

Søndmørsposten 12. januar 1891:

Johannes S Nørevartdal 35,01 – Anders Erdal 34,73 – J G Myklebust 33,22 – B R Årset 29,71 – O K Myklebust og A M Romestrand 29,33 – Sivert E Sætre 29,26.

Søndmørsposten 22.2.1892:

De største skatydere i Barstadbygden og Vartdal til Ulstein kommune:

Av dei 42 avisa listar opp betalte fire karar 30 kroner og meir i skatt. Johannes S. Nørevartdal (Steinagarden) kr 35,30, Anders Olsson Erdal kr 33,60, Johannes G. Myklebust (Guttormegarden) kr 31,13 og Ole Eriksson Lynge (Knutegarden) kr 30,00. Steina-Johans vart likna for ein formue på 8000 kroner, Guttorme-Johans 7500, Erdal 7000 og Sivert Eriksson Sætre for kr 6500. Steina-Johans vart likna for kr 1130 i inntekt, Erdal 1110, Lynge-Ola 900 og Johannes Knutsson Vartdal 850.

Med ein skatteprosent under 4%, målt mot inntekt, er det grunn til å tru at kvar av desse skattytarane frå Vartdal rekna det som heiderleg å vere ein av dei som betalte mest i skatt.

1892-sesjonen på stortinget vedtok ei lov med direkte statsskatt på formue og inntekt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *