Ivar O. Barstad (1849-1930) var gardbrukar på farsgarden Bøgarden på Barstad. «Bø-Ivar, som han til dagleg var kalla, var ein utifrå dugande arbeidsmann, ein av desse bondemennene som fekk til alt det som han tok fatt på. Han var husbyggjar og båtbyggjar. Fyrst laga han færingar, sidan bygde han både åttring og fiskeskøyte, og alle båtane hans var framifrå velgjorde, lette for år og segl, formdryge og dei aller beste sjøbåtar. Han var ein overlag flink felespelar og kunde ei stor mengd av dei gamle slåttane. Elles var han ein morosam, hyggjeleg og greid kar, vel akta og vel umtykt av alle dei som lærde å kjenna honom.» (Sunnmørsposten 4. april 1930) I yngre år hadde han vore merkearbeidar [=tilsett i Merkevesenet på kysten] i Nordland og Finnmark. Ivar var gift med Ingeborg Ingebrigtsdotter Lynge. Ekteskapet vart barnlaust, så Ivar skøytte frå seg Bøgarden i 1904.