Det er sundagskveld, me skal til Bremanger på fiske. Startar frå N. Vartdal kl. 12 natt. Eg og Jo-Ivar fær fyrste vakt, dei andre gjeng til køys. Det er kaldt og myrkt, difor tek me på oss skinnluva og gråtrøya, tjukke lestor og tresko. Soleis innpakka ruslar me på dekk, fær fyr i maskina og løyser båten, og dalkar so sørover. Då me kjem sud for sørebygdi ligg ein av Sæss-båtane med lanterna uppe, so me skynar at dei med er klar å gå. Sud med Alme-strandi fær der tri motorbåtar som visstnok skal same veg. So me fær visst selskap. Det er svart og myrkt, ikkje eit ljos å sjå nokon stad. Folk hev gjenge til kvila, fjella kastar sine myrke skuggar burt yver fjorden, so ein kann mest ikkje sjå å halda klart land. Langt framme ser me eit ørlite ljos, Det er fyrlykta på Yksnøyi, ho er grøn no, altso er me for nær land. Me styrer lenger frå til ho vert blank, då hev me fri veg. Ut frå Ørstafjorden og Voldsfjorden blæs ein eitrande kald vind, det er berre so det svid i auga. Då me kjem forbi Yksnøyi byrja det å snøa tettare og tettare. Ein stor lastebåt gjeng forbi oss, eg kan sjå berre den eine lanterna koma nokso nær. Det er ikkje tale um å sjå land, skynar berre etter tidi som me gjeng kvar me fær framum. På høgre sida hev me fyrst Laupen og seinare Skrestrandi, på hi sida hev me Velsviki og Rovdestrandi. Dei tvo timarne hev no gjenge og eg gjeng fram i kappa og ropar på neste vakt. «Jakob, tørn ut!». «Ja», segjer han og snyr seg i sengi og søv like godt. So ikkje noko luring no, det er vakt og plent(?) i snøkave. «Kyss meg», segjer han. «Nei, fritt so gjer», segjer eg og ruskar i honom til han vert arg og spring upp i ei fart. So avstad og purre kapteinen. Det same uppatt der òg, då fyrst han høyrer at det er tjukk snøkave spring han upp, og stend og grin ut i snøkaven. Um ei stund ser me eit ørlite ljos rett framfyre oss, so eitt til og eitt til og til slutt heile fem. Me skynar at det var lanterna frå nokre båtar som var tett fyre oss. Men det eine ljoset blinka med korte millomrom, so med skynar at det er lykta på Syvsbotnen*. Gjeng so ned og fyrer i bysa, hengjer av oss våteklædi, fær oss ein kopp kaffi. Kryp so upp i køya, dubbar nokre gongar i takt med maskina, gløymer so både frost og snøkave i draumars evntyrland.
*Syvdsnes, eventuelt i Syvdefjorden..