Meny Lukk

Folk frå fortida – Paul Melbø

Paul Olsson Melbø (1842-1908) var sjølveigar på farsgarden Endregarden på Melbø frå 1874 til han døydde. Konfirmert vart han hausten 1857 i Ulstein kyrkje. Han må då ha vore i teneste der ute, venteleg på anten Holsekre eller Strandabø, dit to av farsystrene hans var gift. Sidan kom han heimatt til farsgarden. Endre-Pål var både smed og tre-arbeidsmann, i 1870-åra byrja han å lage hjulkjerrer. På hausttinget 1894 vart han vald inn i det fyrste kommunestyret for Vartdal, samstundes fekk han plass i fattigstyret. Frå 1897 var han ein av dei fire i formannskapet i kommunen. Hausten 1897 deltok han som ein av fem valmenn frå Ulstein kommune på valtinget i Molde, der dei valde stortingsrepresentantar frå landkommunane i Romsdals amt. Politisk sokna Paul (sagt Pål) til partiet Venstre. Han gifte seg 1873 med Sevrina Endresdotter Midtre-Trandal frå Hjørundfjord. Etter ho døydde 40 år gammal i 1888, gifte Paul seg med Pålina Ingebrigtsdotter Lynge (1850-1898). Paul og Sevrina var foreldre til fem jenter, den yngste døydde lita og Johanne 21 år gammal i 1898. Eldstejenta Ragnhild var gift med Olav Myklebust (1869-1912) og budde i Endregarden. Josefine f. 1882 var gift til Lisbetgarden på Barstad. Oline f. 1880, som vart over 100 år gammal, og ektemaken, ishavskipperen Peder K Trandal, busette seg på Gåseid i Borgund. I dag er det tippoldebarnet Unni Årsnes som sit i Endregarden.