Edvard Myklebust (1883-1961) var nest eldst av åtte sysken i Pegarden på Myklebust. Han var i mange år fiskar, åra føre 1910 dreiv han med eit seglfarty som han åtte. I 1914 var han mannskap på fiskedamparen «Ramoen». Ikkje lenge etter kjøpte han og tre andre dalekarar ein 42 fot lang dekksbåt som heitte «Dan». Edvard var skipper på båten, til han kring 1917/8 selde eigarparten sin. Hausten 1917 vart han i Vartdal-kyrkja vigd til voldakvinna Sina J. Heltne (1886-1955). Året etter døydde far hans, og Edvard tok som odelsgut over drifta av Pegarden, skøyte fekk han i 1920 frå mora Madsi. Sommaren 1919 vart Sina og Edvard foreldre til Margit, deira einaste barn. Edvard brukte Pegarden til han var 70 år, då tok neste generasjon over. I hans tid hadde dei merr, kyr, sauer og rimelegvis ein julegris i Pegarden.
