Edvard kom og forsvann. Dei fire Edvard’ane fødde i Vartdal kom til verda i tida frå 1854 til 1883. Nett i den perioden, ca 1850-90, då dei fleste Edvard’ar i Norge fekk namnet sitt. Edvard Melbø (1854-1936) i Pegarden var den fyrste vartdalingen som fekk dette engelske namnet, kongsnamn frå 900-talet til det 20. hundreåret. Så fylgde Edvard Buset frå Plassen i 1862, han utvandra til USA. I 1877 vart ein Edvard fødd i Ivagarden på Vollane, han gifte seg til Bøen på Barstad og vart heitande Edvard Barstad (1877-1962). Sistemann inn, men ikkje ut, heitte Edvard Myklebust (1883-1961) og budde i Pegarden der, han døydde året før namnebroren på Barstad. I dag er det mindre enn 1 promille av alle hankjønn i Norge som heiter Edvard. Sagt på ein annan måte, du må statistisk sett sanke meir enn 1000 karar/gutar for at du med sannsyn har fått tak i 1-ein Edvard.