Meny Lukk

Folk frå fortida – Ole N. Masdal

Ole Nikolaisson Masdal (1851-1942) var frå Hauegarden i Kvia. I 13-årsalderen kom han i teneste hos Ole J Teigene på Hareid, ei teneste som varte i fem år. Så reiste han tilbake til Vartdal der han arbeidde på gard om somrane og var fiskar på open båt om vintrane. I 1883 gifte han seg med Anne Marta Rasmussdotter Masdal frå Andersgarden der. Fire år seinare fekk Ole skøyte på Andersgarden frå svigerbroren Lars Masdal, som var gift med syster hans og hadde utvandra til Nord-Amerika. «Trottug arbeidde han på garden, og… fekk skapt om der som før var stein, rabbar og runnar til gilde atteleger og åkrar.» Då Vartdal kommune kom i gjenge frå 1895, vart Ole vald inn i fattigstyret. Ole og Anne Marta var foreldre til Rasmus, Nils, Petra og Laurits, som alle fire vart verande vartdalingar livet ut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *