22. aug [1980] Å du store syn for eit styr. Det må vere eit forferdeleg ver fram i dalen. R. ringde ½ 7. Storelva var svart og fæl. Stor og diger og fløymde utover markane. Vi henta fyrst mjølkekyrne i Reddalen, men dei låg og urta framfor bakken og hadde det bra. Vi bila fram til Årskogbrua og ho hadde sige ned i nøre enden, så sambandet var brote. Vi mjølka og slo åt kyrne, og så var vi fram til Årskog. Der var ei syrgjeleg syn. Ubeskriveleg. Det meste av bøen var som ein fonnarun eller elveleie. R. og eg var inn på Vegane etter dei to kvigene og fekk dei hus der framme. Andreas kom i 3 – 4 tida, og då var vi fram til Årskog att. Elva berr veks og fløymer over meir og meir. Ho legg store dungar med rotvelte tre og store steinar, det durar og brusar, dondrar og brakar. Så det er fælt. Og den svart-kvite barden, som er elva, toppar seg og frøser avstad. Ivar (og fleire) som har vore på Setnesmoen på heimevern måtte vente i over to timar på Solevåg, og så gjekk ferga derifrå til Rjånes, for alle bruer i Barstadvik er borte eller ubrukelege. Men alle kom vel heim. Heldigvis så datt ikkje Årskogbrua heilt ned, for då hadde ho vel demt elva over alle bardar der. Og ikkje tok vatnet ned vassledninga under brua her heller, merkeleg nok. Vatnet fossa over den av og til, og med alle dei tre og røter som passerte der, så var det mest utruleg at ho ikkje vart nedslita. Og det stakkars gamle kvernhuset stod i vatn til midt opp på veggen. Noke av muren er vekk, men det stod over, men elvabardane er mykje utgropa på mange stader, mark og mold dett i elva, og kalvane hans Bjarne har elva på båe sider, men heldigvis var stykket dei stod på stort, så det gjekk bra. Vi fer berre og driv og ser og rister på haudet, og pratar med folk. Mot kl. 7 trur eg vatnet byrja sige litt etter kvart, og det verste regnet i dalen må ha spakna av, men endå var elva stor og svart når vi la oss om kvelden.
