Meny Lukk

Tussen (Vartdal)

Tussen er eit skrymt som kann taka ymse slags skapnad. Hugen hans stend helst til å gjera ilt på folk og fe. Å vera tussut, tussebiten, tusseslegen, kann ein høyra um den dag i dag.

Ei kårkjerring heitte Sylvei Sætre. Gullfjør heitte kui hennar, og so fager og fin ei ku fanst ikkje på lang leid. Ein kveld var Gullfjør burte frå hin buskapen. So laut folk av garde og leita. Mass klokkar var òg med. Sistpå fann dei kui. Ho låg på ei liti grøn sletta uppe i lidi. Det var endå so-vidt det spann liv i kui; men meir var det ikkje heller. Ho Sylvei vilde hava Mass klokkar til å lesa tussebøni yver kui; for tusseslegi var ho, det såg ho Sylvei straks. Han Mass klokkar sagde dei laut gå høgre skular, dei som skulde læra so sterke ord. Men då sagde ho Sylvei det, at var han ein lesen mann og ikkje kunde den vesle tussebøni, so gav ho ikkje ein kvitt for lærdomen hans. Og vilde ingen gjera vel i denne vanheppa, so laut ho vel sjølv, eit uvitugt kvinnfolk, gjera råd. Dermed byrja Sylvei ganga rundt kui, medan ho mulla nokre myrke ord som lydde um lag so:

«Eg manar deg ut av bein og merg,

so fare du inn i stein og berg.

Eg manar deg ut av kvart ledemot,

so fare du inn i ei bjørkerot.

Eg manar i dag, eg mana i går,

so fare du ut av hold og hår.

No fer du dit du er komen ifrå,

og aldri hit må du meire trå» –

sagde Sylvei og truga med handi ut i lufti. Jau, kui kråna til att, og dei fekk ho heim.

Frå «Eventyr og segner» av Martin Bjørndal i Syn og Segn 1904/nr 10.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *