Ivar Olsson Vartdal (1850-1932) gjekk 1867-68 på skule i Volda. I 1869 reiste han til Tromsø seminar, dimittert frå seminaret året etter med utmerka karakterar. Sommaren 1871 vart han tilsett som lærar i Tranøy kommune på øya Senja. I 1875 budde han garden Stangnes, sør i Tranøy. Jula det året vitja han soknepresten i Lødingen i Nordland. Sist i 1870-åra var han elev ved Den gymnastiske Centralskole i hovudstaden. Frå 1879 til 1892 var han andrelærar ved Finnmark amtsskule, busett i Alta. I denne tida skal han to somrar ha fylgt ein svensk professor som granska plantelivet på Finnmarksvidda. Hausten 1888 gav han ei samling karplanter til Tromsø Museum. Vartdal opplyste elles vitskapsmenn om folkemedisin.
Frå 1893 var han andrelærar på Sunnmøre amtsskule, leigde seg husvære på Sjøholtstrand då amtsskulen fekk fast tilhald i Ørskog. Sommaren 1910 reiste han til Stockholm der han i byrjinga av august var deltakar på Det tionde nordiska skolmøtet. Ved utgangen av 1912 slutta han skulen. I 1914 fekk han kr 800,- i pensjon av statskassa. Han «var også ein gild lærar, ein gruvlar som ikkje gjekk unda for eit paradoks, ein mann som hadde noko å gje til alle». Også etter han slutta som lærar, heldt han foredrag og talte, både heime på Vartdal og på skulen i Ørskog. På elevstemna 1915 talte han om «Darwin og darwinisma paa det aandelege liv i vaar tid» (Søndmørsposten 13.7.1915). Han hadde ord på seg for å vere kvinnehatar, misogynist for dokke synst det tek seg betre ut.
Kollegaen og venen John Froskeland (1849-1925) skriv at «Vartdal var utrustet med særdeles godt nemme, var glad i læsning og var saaledes i besiddelse av store kundskaper; dertil besad han en fortrinlig lærergave… [Han] var en sparsommelig mand; hans beskedne løn strak godt til, og endda kunde han avse forholdsvis meget til hjælp for andre, særlig flinke og brave elever av amtsskolen.» (Nordkapp 16.1.1914)

Ivar Vartdal reiste i 1913 heim til Sørevartdal, der han fekk frådelt eigedomen Apaldal av farsgarden Olagarden (Hansgarden). Per Myklebust (f. 1919) skriv: På inste enden av benken, «heilt framme ved luka, sat alltid han Gaml’Iver». Skattelista på handelslaget stod han visstnok oppført som rentenist, «mellom borna var det berre Pop, eller Pop-Pop. Han brukte spaserstokk. Når han møtte born lyfte han stokken og sa pop-pop. I sin barndom fekk Hallvard-Ole fem øre dagen for å halde hanen lengst mogleg vekk frå Hallvardgarden, når farbroren sov middag. Sigmund Sætre (f. 1916) fortalde frå sin barndom at godvers-søndagane brukte Ivar kome spaserande forbi Rishaugen, han skulle fram til Årset og rødast med honom Mellag, ein kar med vit på litt av kvart og meiningar han gjerne delte med jamlikar.
Etter middagen tala … Vartdal um jenterne, deira maate aa vera paa i vaare dagar og deira veksande hug etter aa apa etter i eit[t ] og alt og laana. (Søndmørsposten 12. juli 1909.)
Hanj GamlIver var høgremann, i motsetnad til brørne. Bror hans Hallvard som ved utskiftinga fekk frådelt eine holva av Olagarden, det som vart Hallvardgarden, vart sjuk og døydde tidleg. Att sat enka Elina med ansvar for 5 born, to sett eldre og 5 kroner. Iver kjøpte ut bruket, brukte feriane til åhjelpe til på garden og syrgde for at broren sine ungar alle fekk levebrød. Besta mi fekk garden, dvsv ho gifte seg fyrst og mannen hadde nok råd til løyse ut garden. To systre av henne gifte seg til henholdsvis Godøy og Flåskjer. Dn eine broren, skomakar ole fekk frådelt Bakkane frå Hansgarden og Elias som snikkar fekk Apaldalen der GamleIver hadde stove. Så langt om den såkalla kvinnehataren, når ein les dagbøkene hans som ein gudane må vete kvar no har hamna, synest eg der er meir varme beskrivelsar av menn som har imponert han enn kvinner han har hata. Kanskje ein skeiv fritenkar i Apaldalen!? Når det er sagt så var det nok vanlegare å bruke varmare ordelag om alle ein sette pris på den gong, utan at det sa noko som helst om legning.