Meny Lukk

Årsfest [1932]

Årsetdalens frilynde ungdomslag heldt årsfest 2. påskedag klokka 8 ettermiddag. Festen tok til med songen «Kva me vil, ungdomsflokk?». Formannen ynskte alle velkomne, og so vart det musikk av Olav og Sigurd Myklebust og Bergsvein Aarset. Harald Buset heldt eit interessant foredrag yver emnet «Du skal ikkje syta». Gyda Aarset las upp lagsbladet «Vårljos». Skrivaren Tordis Kleiva las upp årsyversynet., og Bjarne Myklebust rekneskapen og årboka.

So gjekk yver til val: Formannen i laget, Bjarne Myklebust, sa frå seg attval, og til ny formann vart vald Harald Buset, og næstformann Bjarne J. Sætre. Styre: Bjarne Myklebust, Einar Øye, Tordis Kleiva og Oddny Buset. Varamenn; Johan P.[sic] Aarset og Bergljot Grønnevet. Kassestyrar: Elling Myklebust. Varamann: Hans Aarset. Revisorar: Alv Sætre og Nils Grønnevet. Skrivar: Gyda Myklebust. Varaskrivar: Gyda Aarset. Skrivar av årboka: Bjarne Myklebust. Bladskrivar: Bjarne J. Sætre og Margit Valde.

So gjekk alle til bords og fekk seg mat og kaffi

Kjellaug Buset song ein song av Henrik Straumsheim, og Harald Buset ein friarsong millom «fluga og tordivelen». Til slutt var det litt leik, og festen slutta i tvotida. Frammøte var sers godt og stemninga god.

Meldar. (Ungdomsvon 6. mai 1932)

«Kva me vil, ungdomsflokk?» er skriven av Bernhard Sudmann (1876-1943), ein skulemann frå Hamre i Hordaland.