Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Ivar Vartdal

Ivar Vartdal (1892-1971) var yngst av dei fem sønene til ordførar Hans O. Vartdal i Sørevartdal. Til liks med dei eldre brørne gjekk han skulevegen. Etter eksamen ved Volda Lærarskule i 1913 var Ivar eit lite år vikar ved folkeskulen på Nørvøy i Ålesund. Frå tidleg 1914 var han lærar og kyrkjesongar i Vatne i fire år. Hausten 1915 vart han i Nykirken i Bergen vigd til Mina Nilsen frå Vaksdal i Hordaland, far hennar var smed på Vaksdal mølle. I tida fram til 1929 vart Ivar og Mina foreldre til Kirsten [Hauge], Marit [Orheim], Helge og attpåklatten Signe [?]. I januar 1918 fekk Ivar take over lærarstillinga i Barstadvika, ein skule med tre «klassor», 38 skuleveker, skulejord og nye lærarhus. I tillegg var han organist i kyrkja. Borna Margit og Helge vart fødde medan familien budde i Barstadvika. Ved folketeljinga i desember 1920 var 15 år gamle Astrid Volle i teneste hos lærarfamilien på Lundheim på Barstad. 1921-25 var Ivar tilsynslærar på Kolbotn skule i Oppegård i Akershus. Frå nyår 1922 også dirigent for mannskoret Kolbotnkoret. «Han var en ildsjel og en idealist som strebet høyt med sitt arbeid. Han fikk medlemmene med og arbeidet gikk med liv og lyst.» I 1925 flytta familien tilbake til Vatne, der Ivar underviste i folkeskulen dei neste åtte åra. Her skipa han Vatne barnekor. Skulestyreformann 1928-32 i Vatne kommune. År 1931 vart han vald til formann i Sunnmøre songarlag, eit verv han hadde til han flytta til Molde i 1933. I romsdalsbyen var han skuleinspektør og frå 1949 styrar av Molde folkeskole til han slutta skulen i 1959. Elles leia Ivar Molde mandssangforening i femten år til 1948. Også dirigent for andre songkor, og kan hende musikkorps. Formann 1934-36 i Molde Lærarlag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *