Meny Lukk

Folk frå fortida – Ivar H. Vartdal (1884-1939)

Sæssnils-Iver, som han vart kalla i grannelaget, deltok siste veka i mai 1909 i Molde på eit plantekurs i Romsdals Amts Skogselskab sin regi. Skogsaka interesserte mange i samtida, skuleborna i bygda tok dei komande åra del i plantinga av gran i strandateigane mellom Øydgarden og Merkingselva.

Sommaren 1910 gifta Ivar seg med Petra frå Jogarden. Dei hadde begge kort veg til kyrkja, han hadde kanskje 200 steg å gå, ho brukte nok ei 4-500 steg frå heimen sin. Ivar og Petra vart foreldre til Klara [Myklebust], Hans, Valborg [Oksnes] og attpåklatten Torny [[Gustavsen]].

Hans, far hans Ivar, døydde berre fire månader etter bryllaupet deira. Dermed vart det stemora Berte J. Vartdal som skøytte Sæssnilsgarden over på Ivar. Han fekk under fyrste verdskrigen dyrka opp ein del av Myrane oppe på Bakkane, noko Svenskeattelega ved den nedlagde skulen minner om. På 1930-talet deltok Ivar med småfe og hest på ulike utstillingar.

Ivar dreiv frå 1911 til 1933 fiske frå motorbåtar han var medeigar i. Den fyrste båten var 38 fot lang og var utstyrt med ein 8 hk Gideon-motor. Båten vart seld i 1915 og partseigarane kjøpte ein ny motorbåt som fekk namnet Isflaamann. Sidan var Ivar sentral då ein Isflaamann nummer to vart kosta våren 1919. (Sjå artikkelen «Isflaamannen på eggjafiske i 1919» i Minne frå Vartdalsstranda 2019.) Ivar var som ein forretningsførar for dette partsreiarlaget, der alle medeigarane hadde like stor part i båten. Perioden 1917-27 var han agent for Søndmøre Gjensidige Assuranseforening, adresse Valderøya, der Isflaamann av 1919 var assurert. I 1929 fekk Isflaamann lån i Det eldre havfiskefondet, men lønsemda i fisket var låg og tidvis elendig, så dei selde båten til Syvde i 1933.

Etter Vartdal kyrkjesokn i 1900 vart lagt under Ørsta prestegjeld kom soknepresten tredjekvar veke til Vartdal for å preike. Det kunne vere ei strevsam reise, så presten trong gjerne ein fjelga stad å vøde seg om. Han tok då inn i Sæssnilsgarden, ei ordning som truleg kom i gong i far Hans si tid, og som vart vidareført på 1910-talet. Ivar fekk då ei lita godtgjersle av kommunen.

Ivar var medlem i heradsstyret 1916-19 og 1922-25. Seinast i 1929 var han med å styre krinssjukekassa. Etter at Stortinget i 1930 ved lov pålagde kommunane å opprette trygdekasse vart sjukekassa omgjort til trygdekasse. Truleg var Ivar med i styret for Vartdal si trygdekasse til han døydde. Åra 1932-34 var han med i fattigstyret. Ei viktigare oppgåve fekk han som medlem i elektrisitets-nemnda. Han var Nørevartdal-bygda sin representant då kommunen i 1934 bygde kraftverk i Risaskaret. Sidan var han styremedlem i verket.

Laura Vartdal (1919-2004) frå grannegarden Pegarden har skrive at «Me rok mykje i Sæssnilsgarden. Stod burt med døra og venta på at Valborg skulle ete frå seg. Iver togg flatbrød så ein kunne høyre det utavegges. Han hadde så gode tenner».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *