Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Rakel Lianes

Rakel Lianes (1900-1990) var den sjuande i rekka av dei ni borna til Oline B. og Lars H. Sætre i Larsgarden der. Før 1920 byrja ho å arbeide på fabrikk i Ørstavik, truleg på ein av trikotasjefabrikkane. Om det var der ho vart kjend med den jamaldra ørstingen, fiskaren Anders Lianes (1900-74), skal ikkje seiast for sikkert. Sommaren 1927 vart Rakel og Anders vigde til ektefolk i Ålesund kyrkje. Fram til 1935 vart Rakel så mor til sju, fire søner og tre døtrer. Anders tok i si tid over faren sitt småbruk oppe i bakken på ytre Lianes. Ettersom han heldt fram som fiskar, mellom anna på VD-båtar, fall mykje av gardsdrifta på Rakel. Tidleg i 1980-åra skranta helsa, så ho fekk plass på sjukeheimen i Ørsta. Der døydde ho, like etter ho hadde runda 90 år. To av borna til Rakel, Randi [Trettø] og Karl Lianes, var ikkje verre på det enn at dei gjorde vartdalingar av seg.