Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Oline Melbø

Oline Trandal (1880-1982) var den mellomste av dei fem døtrene til Sevrina og Paul Melbø i Endregarden der. Etter far hennar i 1898 vart enkjemann for andre gong, fekk Oline ansvaret for hus- og fjøsstell i Endregarden, elles tok ho del i gardsarbeidet i samsvar med behovet og tradisjonen. Hausten 1909 gifta ho seg med Peder K. Trandal (1880-1963) frå Indre-Trandal i Hjørundfjord. Peder var ein kjend ishavsmann, fiskeskipper og ei tid fiskebåtreiar. Nygifte budde ekteparet i Borgundvegen i Ålesund, i 1915-16 fekk dei bygt seg eigen heim på Gåseid i Borgund. Her vart ho Oline buande mest livet ut, ho døydde 102 år gammal. I åra frå 1910 til 1924 vart Oline mor til seks born, to gutar og fire jenter. Underståande fotografi av Oline er frå 1907 og teke av Eckroll Stamsvig i Ålesund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *