Meny Lukk

Folk frå fortida – Lars P. Flåskjer

Lars Pettersson Flåskjer (1879-1974) var gardbrukar på synste bruket på Flåskjer frå 1914. Vintrane dreiv han fiske frå Alnes med fyrst «Luria» og sidan 41 fot lange «Trygg». Han var elles ein ihuga heimefiskar, med garn og line henta han tallause koker or Vartdalsfjorden. I kring 1925 kjøpte han 20 fot Snøgg (M-6-VD), ein båt som stod i Merkeregisteret for fiskefarty til 1962. Samstundes i 1925 bygde Flåskjer-karane eit kraftverk aust om garden. Lars var medlem 1913-25 og 1928-31 i heradsstyret. Sidan vart han i 1931 vald inn i skulestyret, 1933 i fattigstyret og 1937 i soknerådet. I mange år var han medlem i forstandarskapen til Vartdal Sparebank. Kanskje endå lenger var han rotemeister for nokre kilometer av vegen langs Flåskjerstranda. Han var oppteken av samyrke, i 1931 vart han vald til formann for Vartdal Handelslag, det førte til at han fekk tilnamnet Kooperativeren. Kring nyåret 1942 var Flåskjer-Lars ute for ei ulukke med kappsaga hos grannen, taggar på sagbladet huka tak i busserullen hans og rykte arm og mann med seg. Skaden på høgrehanda var så omfattande at ho vart amputert opp om handleden. Ei anordning som gjorde at han kunne gripe tak i ting, samt god helse, gjorde at han var bra arbeidsfør opp i høg alder, gjekk lett og kvikt i skog og mark. Lars var gift 1902 med Johanne Kolbeinsdotter (1874-1966) frå Nedste Rot. Dei vart 1903-11 foreldre til Sverre, Kåre og Laura [Roppen]. Sverre var lærar i heimbygda, Kåre i Sør-Fron i Oppland, medan Laura var gardkone på Ytre Halle (Hallebygda) i Sande.

Lars og Johanne Flåskjer i 1902.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *