Johannes Rasmusson Sørevartdal (1821-1916) var leiglending og brukar av Larsgarden i Sørevartdal frå 1845 til 1879. Landbruks-teljingane syner at han hadde hest og på jamnen fora 12 storfe, 10 geiter og 10 sauer. I fiskja var han i mange år styremann på seksring og seinare ottring, men neppe på møring. På 1840-talet var han ein av dei fyrste vartdalingane som brukte rykk i torskefiskja. Far hans hadde vore lærar og sjølv hadde han lese meir enn flestalle i den tid. Han averterte på avisa Postbudet, som kom ut på Ekset i Volda i tida 1845-68. Toårsbolken 1864-65 var han varaordførar i Ulstein herad, den einaste vartdalingen som nokon gong sat med det ombodet i den dåverande kommunen. Også sidan var han innom formannskapet for Ulstein. Då Ulstein og Hareid Sparebank vart skipa i 1867, fekk han plass i forstandarskapet for banken og var med til han trekte seg i 1891. På 1870- og 1880-talet var han ein pådrivar i arbeidet for å få bygt vegar langs Vartdalsstranda og mellom gardane i bygdene. Største og viktigaste innsatsen la han ned i samband med å få reist eit kyrkjebygg for Vartdal. I juni 1874 fekk han med seg nokre andre vartdalingar og rodde inn til Solnør i Skodje. Der lukkast han overtale den framståande stortingsmannen Ludvig Daae (1824-1893) til å skrive ein søknad som skulle føre til at det vart bygt kyrkje på Øyrane i Nøre-Vartdal i 1876 og -77. I heile prosessen med å byggje og finansiere bygninga stod Lars-Johans i fremste rekke. I 1876 var han ein av valmennene frå Ulstein kommune som den 1. september deltok på valtinget i Molde. Her røysta han på Ludvig Daae, Nils Jørgen Gregersen (1840-1924), Mauritz Aarflot (1821-1904), Rasmus R. Aarflot (1829-1888) og Walter Scott Dahl (1839-1906). M. Aarflot, Daae og Dahl vart valde til å representere Romsdals amt på stortinget 1877-79, Gregersen og R Aarflot vart kåra til 1. og 2. varamann. I si tid den «fremste kommunemannen på Vartdal, klok og framsynt» skriv bygdebokforfattar Johannes Buset. Med framveksten av ulike partigrupperingar synte det seg at Lars-Johans sokna til venstrepartiet. Etter Vartdal-tunet i november 1877 vart så godt som snøydd i brann, stod berre løa att av bygningane i Larsgarden. Lars-Johans kjøpte då eit stabbur til bustad, gardsfolket på seks budde der til ein fekk opp nye hus i 1878. Den nye stova hans Johans i Larsgarden står på tuftene i 2024. Johannes var gift med Karina Anderssdotter frå Andersgarden på Årset. Ho vart mor til seks born, to av borna strauk med i farangen som i 1864 råka store delar av Sunnmøre og vidare. Døtrene Elina, Anne Olave (gift til Ingridgarden Barstad) og Ragnhild (gift Haugen i Hareid) nådde vaksen alder. Johannes var kanskje den siste som skreiv seg Sørevartdal. Etter ei personnamnlov av 1923 kravde at kvar norsk person skulle ha eit fast etternamn, tok dei aktuelle mannjamt i bruk Vartdal som etternamn.
