Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Bernt Barstad

Bernt Guttormsson Barstad (1876-1925) var frå Remegarden. 17 år gammal var han i teneste på Suleøygarden. I 1900 dreiv han «lidt Handel», budde i Sjøborg-heimen til broren Anders som var snikkar. Etter Anders døydde i 1903 hjelpte Bernt til med det som var av gardsdrift på Sjøborg, var elles sysselsett med snikring og «Træarbeide». I 1916 vart Bernt i Molde kyrkje vigd til Karoline H. Farstad frå Haram, ho var syster til kona til Paul G. Barstad, ein yngre bror til Bernt. Bernt og Karoline budde på Ullahammaren i Haram, der han heldt fram som snikkar. Våren 1925 døydde Bernt barnlaus etter ei «svært hard sjukelege». Karoline hadde praktisk tala nesten 60 år til å leve.

Kjelde: Fylkesfotoarkivet.mr.

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *