Meny Lukk

Folk frå fortida – Petter H. Masdal

Petter Hansson Masdal (1879-1950) var frå Hansgarden. Han bygde stovehus og løe med fjøs i Bjørkalia, eit stykke aust om farsgarden som vart frådelt farsgarden i 1916 . I 1906 fekk han med seg Nils og Rasofiel Ødegård og kjøpte 42 fot lange Lugger, året etter sette dei motor i båten. Men båten var lite tids og dei selde han etter nokre få år. Vinteren 1910 var Petter i staden oppsynsmann under vårtorskefisket i Giske oppsynsdistrikt. Før 1914 fekk Petter og dei to Øggards-karane med seg tre andre karar og skaffa seg 38 fot lange Kveldulf. Denne båten, som hadde ein 10 HK Alpha, var i minste laget til drivgarnsfiske. Ein gong før 1920 stod Petter i spissen for sju mann då ein bytte 38-fotingen ut med 45 fot lange Fram. Med Fram (M-7-VD), som vart registrert med ein 30 hestars Rekord-motor, dreiv karane sildefiske og torskefiske fram til båten vart seld i 1930. Kring 1920 bygde Petter og brørne Hans og Mads eit lite kraftverk ei 150 meter opp om dagens europaveg. Dermed hadde ei lys i husa sine, mange år før dei fleste andre på Vartdalsstranda. Kraftverket fór avgarde under rasulukka i Bukta sommaren, men då ha dei forlengst kopla seg på Risaskar-krafta. I 1924 starta dei tre brørne opp H. Masdal Sølvrevegard med to revepar. Sidan dreiv dei pelsdyravl i fleire tiår. 1. mars 1925 opna Masdal Brevhus i Bjørkalia. Petter var gift 1906 med Oline Ivarsdotter Sulesund (1882-1984). Frå 1908 til 1918 vart dei foreldre til Margrete (Bakke), Ingrid (Rødal), Oddbjørg (Ulfseth), Hans P. Masdal, Marie (Bjåstad) og Laura (Moldskred). Alle borna flytta frå Vartdal.