Meny Lukk

Osman Pascha, ein fjording

Har du høyrt om Osman Pascha. Nei, det hadde ikkje eg heller. Men det hadde forfedrane våre i Vartdal, Ørsta og Hjørundfjord i 1880. Fram til utgangen av året 1880 var hingsten Osman Pascha i «Station» hos Nils I. Kolås (1838-1933) i Follestaddalen. I tida frå 25. april til 25. juli bedekka (para) Osman Pascha 50 marer i Barstadvika, Årsetdalen, rundt om i Ørsta, Bondalen og ei merr på Standal.

Dagane 22. til 25. mai var Osman Pascha aktiv i Sørevartdal og Årsetdalen. Han para 9 år gamle Toletta (gul av lìt/farge) som tilhøyrde «Ragnhild Sørevartdal», 3 år gamle Valborg («borket») hos Johannes K. Vartdal (1863-1940) i Martigarden/Pegarden og ei namnlaus ei (raud) på 6 år hos Ole Vartdal (=Ola Hansson Sørevartdal 1818-1902). Turen gjekk så til Bernt R. Aarset (1842-1901) si Charlotte og Ole Myklebust (anten Tore-Ola elle Bakke-Ola) si Aurora, begge marene 7 år gamle, den eine «borket», den andre gul av lìt.

Frå den 19. til 23. juni var Osman Pascha på ferde i Barstadvika. Der møtte han ei 5 år gammal merr (brun) hos Engebret Lynge (1818-1909), ei 8 år gammal (brun) hos Guttorm Barstad (1842-1915) i Remegarden, ei 10 år gammal («borket) hos Nils Jørgensson Romestrand (1819-1889) og ei 12 år gammal grå merr hos Nils Rasmusson Melbø (1837-1885). Og til sist ei 15-årig brun merr hos Rasmus Knutsson Lynge (1819-1889). Desse marene har ikkje fått namn i «Årsberetning angående de offentlige foranstaltninger til landbrukets fremme i året 1880». Truleg var ei 6 år gammal «blakk» merr bedekt 18. juni hos «Ole Valle» også frå Barstadvika. Då er Ola Johannesson Volle (1818-1883) mest sannsynleg.

Ved nyår 1880/81 vart Osman Pascha overført frå Kolås til Johannes Kjellstad (1818-1891) i Sunnylven. Av statsagronomen si melding går det fram at hingsten har «ikke i Ørsten formaaet at vinde den Anerkjendelse, som dette sjeldne Dyr i saa høi Grad fortjener». Han trur den raudlege fargen til hingsten kan ha påverka hesteeigarane, «eftersom det paa Søndmøre især er den lysborkede Kulør, der holdes gjæv og staar i Pris.»

Osman Pascha var føla hos Nils O Kvale på Voss i 1873, derav tilnamnet Kvalsrauen. Staten kjøpte hingsten i 1878. Hingsten braut ein fot i 1883 og vart slakta i 1884.

Sidan ein ikkje har foto av firføtte Osman Pascha, får det duge med den toføtte Osman pasja. Kjelde: Wikimedia Commons.

Så til den historiske figuren Osman pasja (som eg hadde høyrt om). Osman Nuri pasja (1832-1900) var ein verdskjend tyrkisk (eigentleg osmansk) feltmarskalk som i 1876 sigra over serbarane og i 1877 leia ein heltemodig strid mot den tsar-russiske hæren i den russisk-tyrkiske krigen 1877-78. Ein av «vår» hingst Osman Pascha sine kollegaer bar elles namnet Audun Hugleiksson, norsk stormann i mellomalderen. Praksisen med å gje hingstar og oksar namn etter vidkjende personar er såleis gammal.

Som eit apropos legg eg til at då den ti år gamle kyra Plome i Jogarden på Myklebust i Ørsta, natt til 21. juli 1969 kalva i beitet på Puska, og det var ein oksekalv, ja, då gav underskrivne den nyfødde namnet Neil. Den sjølvsame natta sat eg oppe og var, klokka 0356, vitne til at ein kar ved namn Neil Armstrong varsamt jumpa ned på Månen si overflate.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *