Frå 15. oktober 1920 vart alle norske fiskefarty større enn ein «seksæring» pliktige til å føre kjenneteikn, uavhengig om fartyet hadde motor, dampmaskin eller ei.
I det aller fyrste Merkeregisteret, det for 1920, finn ein 11 farty frå Vartdal kommune. Det gjaldt M-1-VD Sverre (36 fot lang, 13 fot brei), M-2-VD Utvær (42,14), M-3-VD Sleipner (38,13), M-4-VD Sigurd (41,13), M-5-VD Haabet (18,6), M-6-VD Snøgg (22,6), M-7-VD Fram (45,14), M-8-VD Bard (42,14), M-9-VD Brodd (43,13), M-10-VD Isflaamann (44,15) og M-11-VD Dan (42,13). (Nokre av måltala er avkorta.) M står for Møre og VD for Vartdal.
Ni av desse fartya var motorkuttarar (Mk). Alle desse nådde pluss/minus 7 fot djupt. Dette var båtar som dreiv silde- og torskefiske ut for sunnmørskysten, samt på felt både sør og nord for Sunnmøre. Som namnet seier hadde dei motor. Fire hadde Hein-motorar som ytte frå 16 til 35 hestekrefter. Elles fordelte motorane seg på merka Grei, Rekord, Skandia, Avance og Alpha. Alle motorkutterane var eigd av partsrederi, med unnatak for Nils O Rotnes sin Brodd. M.O. Saltrø (=Martin Berg) og medeigarar selde kutteren Sigurd i 1921/22.
Dei to minste båtane er innført som Må, det må nesten vere båtar som kan roast. Lars Flåskjer stod som eineeigar av Snøgg, medan Petter A. Sætre (Stupenes-Petter) hadde part i Haabet, ein båt som forsvann or Merkeregisteret i 1922. Motorane Levahn i Haabet og Sleipner i Snøgg ytte 4 hestekrefter kvar.
==Kjelde==