Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – O.M. Wartdal

Student

I august 1867 vart O.M. Wartdal dimittert frå Universitetet i Christiania med karakteren 4. Han fekk

hovudkarakterane 3 i «Modersmålet» og 4 i latinen. Sensoren hans, den tidlegare soknepresten Lyche, gav han enkeltkarakterane 3 (Modersm.) 4, (Lat. Overs.), 3 (Latin), 5 (Græsk), 3 (Tydsk), 3 (Fransk), 3 (Religion), 3 (Historie), 4 (Geographi), 4 (Aritmet.), 3 (Geometri). Samla fekk Wartdal ordenskarakteren/-talet 38, på latin Non contemnendus [=ikkje å forakte], lågaste ståkarakteren. Han gjekk opp som privatist.

Fyrste semesteret 1868 tok Wartdal Examen philosophicum. Han enda med 21 i ordenstal, etter sju fag og karakterane 2 (Mathematik), 2 (Naturhistorie), 3 (Zoologi), 2 (Astronomi), 5 (Physik) 3 (Philsophi) 4 (Chemi). Dermed fekk han karakteren 3 i Examen philosophicum, eller Haud Illaud[abilis] på latin [=ikkje urosverdig].

Wartdal var då student og kunne ta til med studiar ved det einaste universitetet i landet: Det Kongelige Frederiks Universitet.

Vartdal

Olavius M. Wartdal var fødd 15. april 1825. Han var son til gardbrukaren, leiglendingen Hans Olsson Sørevartdal (1791-1853) og kona Marie Olsdotter (1790-1839), opphavleg frå Øvrelid i Hareid. Olavius var nest yngst av fem sysken som voks opp på det bruket som vart kalla Olagarden etter bror hans, Ola Hansson Sørevartdal (1818-1902).

Samanlikna med dei fleste av sambygdingane sat far til Olavius i rimeleg bra kår. Kanskje var det viktigare for Olavius at familien og slekta skal ha vore ættebyrg, det vil seie at dei rekna seg for å vere noko meir enn hittfolket. Og både ein og hin karen i slekta var det ein kalla evnerik. Brorsønene til Olavius, Hans og Ivar Vartdal vart seinare høvesvis ordførar i nye Vartdalsstranden herad og amtsskulelærar. Ein annan brorson, Hans Peter Lie, frå Øvrelid i Hareid, var den siste overlækjaren for spedalsk-sykja i Norge.

I det andre bandet av Vartdalssoga skriv Ivar Grøvik om O.M. Wartdal over fleire sider frå side 468. Tida heime på Sunnmøre er lite opplyst. Olavius vikarierte som skulehaldar på Vartdal og Hareid. I 1847 flytta han til Borgund for å vere huslærar i Ålesund.

Litterat og privatlærar

Ein dag i januar 1852 vitja Wartdal den utflytte ørstingen Ivar Aasen (1813-1896) på hybelen hans i Christiania. Det er all grunn til å tru at vartdalingen då var fersk i byen. Og vi kan vere rimeleg sikre på at Wartdal nokså omgåande tok til å lese til artium. Kva år han fyrste gongen var oppmeld til eksamen er usikkert. Både 1853 og 1854 er nemnt. I 1853 tvilte Aasen på at Wartdal ville klare eksamen, om han prøvde seg. Som ein ser, fyrst 42 år gammal i 1867, kunne han kalle seg student.

Dei femten åra frå 1852 til -67 streva Wartdal med å livnære seg som skrivande og som forleggjar i Christiania. I juli 1857 baud han fram Religiøse Traktater, eit tidsskrift på 24 små sider som skulle kome ut to gongar om månaden. Skriftet skulle «indeholde Fortællinger, hentede fra Udenlandske Skrifter der er anerkjendte som gode i denne Retning samt originale Fortællinger og religiøse Sange». Pris 72 skilling for året, attåt 12 sk. i porto. Eit Nr 4 av skriftet er kjent, kanskje var det det siste. Det inneheldt ei omsetjing av «Hvad er Bibelen» frå svensk, forfatta av den britiske biskopen J.C. Ryle (1816-1900). Sommaren 1858 kom Wartdal med «Davids Liv, Israels Konge» av «Fru Hoaker». Denne var omsett frå engelsk og kosta 30 skilling.

Mange år seinare, 1. desember 1873, noterte Ivar Aasen i dagboka si at han hadde «Faaet Vartdals Gramatik». Grammatikken var ei kort bok, berre 16 sider. Og 3. oktober 1874 skreiv Aasen: «Faaet Livsbetraktninger». Mest kjent som forfattar er Wartdal for rekneboka som kom ut i 1877, forlagt av Karl Faller. Den 54 sider lange «Regnebog til Begyndere i Selvundervisning» kosta 50 øre og «faaes i alle Landets Boglader», melde bokhandlaren Alb. Cammermeyer på Karl Johans-gata som selde boka i kommisjon.

Etterspurd

På 1800-talet var det vanleg at postvesenet gjennom aviser opplyste om uinnløyste brev, brev der mottakaren ikkje hadde meldt seg. Ofte hadde adressaten flytta til ein annan hybel. Gjennom åra vart Wartdal tilspurd fleire gongar, fyrste gongen gjaldt det eit brev frå Kristiansund, januar 1859. Då var adressa Nedre Voldgade 15, tre år seinare Nedre Voldgade 4, i januar 1867 Nedre Torvegade 8. Av ulike folketeljingar og publikasjonar veit vi at han budde på Kampen i 1865, Trondhjemsveien 1/Siebkes-gata i 1870 og 1871, samt i 1875 i Øvre Voldgade 9.

Ein som ikkje kjende adressa til Wartdal, skreiv seg O.N. Lie og budde i Nord-Aurdal. 13. desember 1871 er han ute i Adressebladet (eit tillegg til Almuevennen) og vil ha «Oplysning om, hvor en O Wartdal der har udgivet sig for at være Kandidat, fortiden opholder sig». Kva Lie ville Wartdal, sjå det veit ein ingenting om.

Derimot kjenner ein til at 20-åringen Knut Pedersson/Knut Hamsun (1859-1952) i eit brev frå Gjøvik 15.6.1880 skreiv til sin nære slektning, skomakarmeister S. Knudsen i Akersgaden i Kristiania, at «Du faar hilse Søster og Kone; og Warthdal [sic] ligeledes.»

Innkomer

Inntekt må Wartdal i hovudsak ha skaffa seg som privatlærar i Kristiania. Kva midel han hadde etter far sin, er ukjent, ein veit heller ikkje noko om eventuell stønad frå andre der heime. Men så mykje er klart, tidt og ofte var han i beit for pekuniære midlar.

Så tidleg som i 1855 vende han seg til Ivar Aasen og fekk «låne» ein eller fleire dalarar. Gjennom åra fekk Wartdal pengestøtte av Aasen, både gjennom personlege besøk og med bodbringarar. Han tok også opp lån i bank.

5. oktober 1883 skriv Ivar Aasen: «Hos O. Vartdal (syg), overladt ham 40 Kr.» Drygt fire månader etter Wartdal døydde, var Aasen i sparebanken og betalte avdrag på Wartdal sitt lån, eit halvt år seinare betalte Aasen endå eit avdrag. 26. juni 1885 var Aasen innom banken og avslutta lånet med eit siste avdrag.

Død

«Stud. theol. O.M. Wartdal afgik ved Døden den 30te Novbr. [1883], efter længere Tids Sygdom, hvilket herved bekjendtgjøres for hans fraværende Slægtninge og Venner. Begravelsen foregaar Torsdag den 6te December Kl. 1 3/4 fra Ahnefeldt Gravkapel, Oslo.»

Gravferda kosta kroner 74,15. Universitetet kosta denne med midlar løyvt frå stortinget. I det høvet var avdøde titulert Stud. Med. Det må vere feil, etter 1868 vart han jamnt registrert som teologistudent. Heile ni gongar gjekk han opp til eksamen i teologi: 1870, 1871, 1872, 1873, 1875, 1877, 1878, 1880 og 1882. Dommen var den same kvar salte gong: Stryk.

Ettermæle

Då Wartdal døydde, antyder avisnotisar at han hadde gått opp til artium-eksamen både 15 og 16 gongar. Det kan ikkje stemme. Universitets-matrikkelen for 1865 syner at han det året i august gjekk opp i 11 fag, dei same faga som han tok to år seinare, – og enda opp med 44 i ordenskarakter. Det var siste gongen han strauk, sensor var ein «Kand. mag. Olsen». Kor mange stryk Wartdal måtte tole i førevegen, er litt i det blå. Sannsynlegvis mislukkast han ei 8-10 gongar.

I boka «Studenterne fra 1867» frå 1917 finn du at «Blandt merkelighetene fra 1867 var den, at ’Wartdahl stod’. Han var oppe første gang 1853 eller 1854… Det blev ialfald i studenterdagene fortalt, at han hadde været opp det aar». Utan det kunne slåast fast. «Og siden gik han stadig op, om ikke nettop hvert aar, saa dog saa ofte at det maatte være ham en stor satisfaktion» og endeleg nå målet.

Den same boka refererer til ein songtekst, ’Rune-Steen fra 1867’, som vart songen ved 25-årsfesten i 1892: «Det aar da Wartdahl «stod», vi ogsaa «stode», en broget skare med og uten hode». Vel er det ein tekst der studentane ironiserer over seg sjølve, men låtten vert både forsterka og er meir avvæpnande på eigne vegne gjennom å vise til tilfellet Wartdahl.

Meir skadeleg for Wartdal sitt ettermæle var nok skriveria til forfattaren og journalisten Hans Jæger (1854-1910). I dagbokromanen «Fængsel og fortvilelse» frå 1903, siste bandet i ein sjølvbiografisk triologi, refererer Jæger til ein samtale frå «Nyaaret, 1889». I ein replikk til Jæger seier ei kvinne: «Ja, kjære. Det kan jei gott gaa med paa, hvis Di bare ikke vil gjøre som Wartdal – : han brugte 17 aar pa aa ta artium, fordi noen bønder hadde vært domme nok til aa forpligte sei til aa unnerholle ham til han hadde faat den.» (side 220 i 1970-utgåva).

«Den evige student»

Ivar Grøvik nyttar «Den evige student»» som overskrift til kapittelet om Wartdal i Andre bandet av Vartdalssoga side 468ff. Fenomenet og nemninga er gamal, så Wartdal var berre ein i rekka av arten. Grøvik er også innom omgrepet bondestudent, framom alt levandegjort gjennom Arne Garborg (1851-1924) sin roman «Bondestudentar» frå 1883. Grøvik tangerer spørsmålet om O.M. Wartdal kan ha vore modell for romanforfattaren.

Det er noko fåfengt å spekulere om modellar i romanlitteraturen. Flinke og bevisste forfattarar skapar sine karakterar utifrå ulike opplevingar og situasjonar, fantasien til den skjønnlitterære skribenten søker sprengje det faktiske og skape ein imaginær røyndom som det er opp til lesaren å tolke.

Så lenge etter Wartdal tidvis «gik omkring og sulted i Kristiania» vert det fort noko bråkjekt å ytre seg om personlegdomen hans. I staden får samtidige kome med utsegner som kan gje ein peikepinn på kvifor han ikkje lukkast i hovudstaden. Ivar Aasen skriv i brev av 13. september 1852 om ein kar som slett ikkje «plages av Blyghed». Og historieprofessoren Yngvar Nielsen (1843-1916) hevdar i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 31-32 at Wartdal var evnerik, men så lett kom ut på viddene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *