Sjur Eriksson Sætre (1782-1838) var gardbrukar i Pegarden. Han var leiglending, tok i 1811 over drifta av garden etter far sin. 5. august 1810 kjøpte han eit eksemplar av kong Fredrik den 2. sin Bibel, trykt og utgitt i København i 1589. Dette eksemplaret, som vert kalla Masdal-bibelen, gav Helge Masdal (ætling etter Sjur i fjerde ledd) til Sunnmøre Museum. Ein einaste bibel på Sunnmøre er eldre enn Masdal-bibelen. Kjøpet av bibelen og skatte-utlegg fortel om ein kar med vitehug og betre råd enn dei fleste sambygdingane. Hausten 1837 vart Sjur vald til heradsstyre-medlem for Ulstein. Om han nokon gong møtte i dette aller fyrste kommunestyret, er usikkert. Sjur var fyrst gift med Marte Pedersdotter Myklebust (1786-1830). Dei vart foreldre til åtte born, dei sju eldste nådde vaksen alder. Sjur gifte seg så med Madsi Olsd Brandal (1794-1865), ingen born i det ekteskapet.
Ein artikkel om Masdal-bibelen står å lese i Minne frå Vartdalsstranda 2003, side 8ff.