Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Severin O. Volle (1875-1956)

Severin Olsson Volle (1875-1956) var frå husmannsplassen Årejylet heimst på Vollane. Han var gift med Severine Havåg frå Herøy (den gong), no i Ulstein. Dei budde nokre år på Vollane, dei tre eldste av dei åtte borna deira var fødd i heimbygda hans. I 1903 flytta familien til Molvær i Sula og busette seg der. Severin var fiskar, i 1920 på «stimbaat». Seinare nemnt tekstilarbeidar.

Det var to Severin Olsson Volle som vart sulamittar i byrjinga av det 20. hundreåret. Den andre var frå Ivagarden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *