Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Severin O. Volle (1868-1963)

Severin Olsson Volle (1868-1963) var frå Ivagarden. Han gjekk i fargarlære og vart sidan fargarmeister. Mange år arbeidde han hos fargaren Ole Andreasson Skaret (1834-1905) i Ålesund. I 1904 overtok Severin fargeriet i Skaret. År 1906 flytta han til Mauseidvågen og dreiv verksemda vidare der. Bygde eige stovehus i 1922 på Mauseid. Frå 1912 til 1942 leia han sundagsskulen i Mauseidvåg. Severin var gift med Petrine P. Jarnes frå Sykkylven. Ho sette 1898-1918 tolv born til verda, ingen tvillingar, ti av borna nådde vaksen alder. Det familiedrivne fargeriet brende ned i 1956.

Kjelde: Fylkesfotoarkivet.

Det var to Severin Olsson Volle som vart sulamittar i byrjinga av det 20. hundreåret. Den andre var frå husmannsplassen Årejylet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *