Meny Lukk

Folk frå fortida – Ole H. Vartdal

Ole H. Vartdal (1890-1964) var frå Hallvardgarden Sørevartdal og jamnast kalla Hallvard-Ole all sin dag. Berre to år gammal vart han farlaus, og måtte frå tidleg alder vere med i ymse arbeid og tenester. Etter å ha gått i lære hos ein skomakar på Hareid, starta han i 1910 eigen skomakarverkstad heime i Hallvardgarden. Der tok han på seg å vøle fotty og sy nye sko etter mål. 1912 fekk han seg opp bustadhus i Myrane, med verkstad i kjellaren. I 1929 bygde han eigen verkstad ved Dalevegen i Myrane. Etter dei tre sønene Hallvard, Johannes og Oddvin voks til, kom dei med i arbeidet. Karane tok også til med å fabrikkprodusere skoty. Sommaren 1945 etablerte Hallvard og Oddvin firma Vartdal Skofabrikk. Ole var frå 1912 gift med Pernille Volle frå Nørevartdal. Omframt dei tre sønene vart dei foreldre til døtrene Åsta [Våge] og Borgny [Aarseth], dei to var busett i høvesvis Ulsteinvik og i Volda-byen.