Meny Lukk

Folk frå fortida – Laurits Alnes

Laurits Pedersson Alnes (1886-1967) var frå Synnøvgarden på Alnes i dagens Giske kommune. Han arbeidde som snikkar til han sommaren 1906 utvandra til delstaten Minnesota i USA. I Minnesota lærte han møbelsnikring. Sidan kom han heim, for så å emigrere til Minnesota att i 1910. Begge gongane sigla han med Cunard-linja. Laurits vart kjærast med vartdalskvinna Ragnhild Rotnes, ho reiste i 1913 over til Junaiten for å gifte seg med Laurits. I januar 1916 vende ekteparet heim til Vartdal, slo seg etter kvart ned i Nøre-Vartdal. Her bygde Laurits ein fabrikkverkstad ved Storelva, ei hundre meter frå Vartdalsfjorden. Sonesonen Knut fortel at den fyrste tida var det «vasshjul og eit intrikat system av reimer» som dreiv maskinane. Seinare skaffa han Laurits elektrisk straum til verksemda gjennom eit eige, lite kraftverk. Truleg seint i 1917 tok han til med å lage dører og vindauge, med meir. Ei lysing i Søndmørsposten 17. september 1918 lyder: «En duelig snekker kan faa stadig arbeide ved Vartdal Trævarefabrik; adr. Nørevartdal.» Dette var på tampen av 1. verdskrigen, og lite kunne Laurits vite om den kraftige nedgangstida som tok til då krigen var over. Ved folketeljinga i desember 1920 hadde han ein 17 år gammal lærling frå Alnes hos seg. Ein gong i mellomkrigsåra la Laurits ned drifta av trevarefabrikken. I staden fekk han stilling som tømmermann i Statens Hamnevesen. Han og kona budde i Ålesund frå 1935 til 1950. Eldstesonen Peder busette seg i byen. Etter yngstesonen Oddmund bygde stor bustad i Nøre-Vartdal, flytta Laurits og Ragnhild heim til Nøre-Vartdal og døydde der.

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *