Meny Lukk

Ei merr på Myklebust

Ei merr på ein gard i Vartdal trutna mykje upp frå buken og attunder vomba. Dyrlækjen som vart henta, sa at merra måtte ha fått eit rift, for øykjene er utolege soleis. I går då han Tore-Knut og han Iva-Martin stelte med merra, kom der materie utor den store upptrutna kulen. Dei skrapa der med ein kniv og høyrde at kniven kom burt i eit kvart av – jarn. Og der fann dei ei stor sikkerheits-nål.

Søndmørsposten 18. januar 1924

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *