I 1927 kom ut ei bok som ein med visse kan seie vart saumfart av ein heil del vartdalingar. Boka bar tittelen ’Norges sølvrevstambok’ og vart gjeven ut av Norges Sølvrevavslag, eit lag stifta på Åndalsnes i 1926. Stamboka var godkjent av Det kgl. norske landbruksdepartement og prenta på Sambaandets trykkeri i Bergen.
Mellom dei 560-570 medlemsgardane i Sølvrevlaget finst ein solid bunke heimehøyrande i Vartdal herad. Vi ritar opp: Barstad Revegård (Severin B Barstad), Ivar & Johs Barstad, Syver & Paul Barstad, Martin Erdals Revegård, Ola Erdal Revegard, Festøy Revegard (Bernt Festøy), Grønnevet Sølvrevgard (LK Grønnevet), Ola L Kvien, Lynge Revegard (Villiam Lynge & Co), Lyngvin Revegard (Pål & Rasmus Lynge), A. Masdals Revegard (Laurits O Masdal), H. Masdals Revegard (Petter H Masdal), Melbø Revegard (Pål Myklebust), Brødrene Myklebust (John G Myklebust), Ole K Myklebust, PP Myklebust, J Nerbøvik og L Vartdal, Romestrands Revegard (Rasmus Romestrand), Skortå Revegard (Steinar Buset), Vartdals og Remmens Revegard (S Kleiva), Vartdal Sølvrevgard (Sigvald og Karl J Vartdal), Vesleskog Revegard (Nils O Festøy), Brødrene Volle Revegard, Volle Revegard (Peder Volle), Åheim Revegard (Olav Volle), Årset Revegard (Lærar R Aarset). Guttorm A Øye hadde òg vore medlem, men «(utgår)».
Når «det er tale om husdyr, må vi ikkje gløyma dei såkalla pelsdyra. Vartdalstranda (sic) vart ei føregangsbygd i denne næringsgreina. Allereie i 1916 tok Ola Erdal til med sylvrevavl og vart ein av dei fyrste og fremste pionerane på området. For mange av bøndene vart pelsdyravlen ikkje berre ei god attåtnæring, men i nokon mon ei hovudinnkome. Etter statistikken 1939 kom Vartdal kommune som nr. 3 i pelsdyrtal på Sunnmøre» og etter «folketalet aller fremst», skriv bygdehistorikaren Johannes Buset (1889-1961) i sitt oversyn over landbruket i ’Vartdalssoga, Fyrste bandet’. Og legg til at «Vi kan trygt seia at reveavlen i si glanstid hadde ovleg mykje å seia for bondenæringa på Vartdalstranda». Sunnmøre var kjerneområdet for sylvrevavlen i Noreg føre 1940.
Stamboka inneheld opplysningar om 2735 avlsdyr. Den sentrale plassen Ola Erdal hadde i norsk sølvrev-soge kjem fram ved at dyra med register-nummera 1 til 20 har kome frå hans revegard, som bar kjenningsbokstavane BG. Desse 20 dyra fordelte seg på 12 hoer og 8 hannar. Eit fleirtal av desse avlsdyra var selde vidare til andre oppdrettarar, både innom Vartdal, Sunnmøre elles og til andre norske distrikt. Nummer 24 til 28 var avla ved Vesleskog Revegard, alle desse dyra hadde namn som byrja på A. Dyr nummer 29 heitte Åheim Trond 1C, innkjøpt i september 1925 til Åheim Revegard i Nørevartdal frå Løvolds Sølvrevoppdretteri på Åheim (ja, korrekt) i Vanylven. Nummer 30 til 35 høyrde til Lyngvin Revegard. Brødr. Volle Revegard eigde, eller hadde eigd, dyra nummerert frå 36 til 49. Nummer 50, Pure Canadian 59B, hadde Lars Festøy kjøpt inn frå ein oppdrettar på Prince Edward Island i Canada og omgåande selt vidare til Festøy Revegard. Også nummer 51 til 53 hadde Lars Festøy kjøpt frå same karen i Canada. Nummer 54 til 68 hadde alle tilknyting til Festøy Revegard og bar namn som tok til med Festøy. Nummer 69 til 79 bar namn som byrja med Nerbøvik. Desse var anten innkjøpt til J Nerbøvik og L Vartdal på Sørevartdal, eller avla der. Namna kan tyde på at fotografen Johan Nerbøvik i Volda var den drivande krafta, meir enn svogeren Laurits Vartdal på Brauta. Læraren Rasmus Aarset eigde nummer 80 til 83. 84 til 86 kom frå Barstad Revegård. 87-90 var innom Romestrand Revegard, 91-95 Melbø Revegard, 96-103 Peder Volle Revegard. 175 og 176 var Ola L Kvien sine, begge kjøpt hos Ola Erdal. 194-201 var knytt til Martin Erdal, 202-209 til H Masdal Sølvrevgard. 212-14 til A Masdals Revegard og 215-222 til Lynge Revegard. Så må ein til 554-559 for å finne dyr frå Skortå Revegard, medan 573-582 høyrde heime på Vartdalremmen Revegard. 980-985 kom frå Myklebust-brødrene. 1546 og -47 kjøpte Ole Erdal frå Canada i 1922 og selde vidare til Bryggja i Nordfjord. 1580 og -81 hadde Ole Erdal avla og seld til Naustdal i Sunnfjord. Og 1606 og -07 var erdalingar som hamna på Bryggja. Hausten 1926 kjøpte Brødrene Myklebust nr 1693 frå Ytrestøyl i Volda. Ole K. Myklebust var, eller hadde vore, eigar av 1733-39. 2062-65 selde Ole Erdal til Eggesbønes i Herøy og 2674-75 selde Erdal til Follestad & Nupen mfl. i Ørsta. 2689-95 var PP Myklebust sine, den sist nummererte kjøpte Åheim Revegard i desember 1926. Nr 2712 var skyssa frå Erdal til Valldal.
I 1929 kom den tredje stamboka for sylvrevavlen. Her finn ein revar med nummer 6330 til 14380. Ein årleg tilvekst på over 8000 dyr fortel om den veldige interessa for næringa. Nye medlemer sidan 1927 frå Vartdal var: Apaldal Revegard (Elias H Vartdal), Bakketun Revegard (Ole G Myklebust), Buset Sølvrevgard (Harald Buset), Albrigt Erdal, Flåskjer Røvegard (Albr Flåskjer), Furebaks Revegard (Ivar Romestrand), Gimle Revegard (R Buset), Brødrene Myklebust Revavlslag (Knut G Myklebust), Ole Nytun, Partlaget «Pelsmikkel» (Sigvald Myklebust), Rishaug Revegard (Rolv Sætre), Sylvia Revegard (Olav Volle), Elling Aarseth, samt Årskog Sølvrevgard (Lauritz Aarskog).
Interessa for sylvrev stupte i Vartdals-bygdene på 1940-talet og slokna i 1950-åra. Frå 2741 registrerte sylvrev i 1939, via 1013 dyr i 1949, fanst det berre 4 sylvrev att i 1959. Talet på pelsdyrgardar hadde falle frå 97 i 1939 til 12 i 1959. Dei få som var att, satsa mannjamt på mink.