Ein sylvrøv på ein av gardane på Vartdalstranda fekk i joletida hug å ta seg ein tur i den store kvite vinternatur. Med dei gode tennene sine beit han hol på strengnota, smatt ut og var ikkje lenger fange. Han var kanskje beden på jolevitjing til den raude frenden sin som det ein morgon synte veg etter ved røvegarden, kanskje var det kjærleikseventyr som lokka, eller kan hende var det giren etter spanande veiding i myrke uppklåra måneljose næter – det var enno ikkje heilt uppklåra kva grunnar han rømde for. – Men rømde gjorde han, og enno er han ikkje attkomen, endå det er utlovd ein stor pengesum til den som kan skaffe røven død, og dubbelt så stor sum til den som skaffer han livande tilbake. Då han ikkje som villrøven er uppøvd til å gå på veiding frå barnsbein av blir det vonleg smalhans når han skal brødfø seg sjøl, so han lengtar nokk stundom tilbake til kjøtgrytone i røvegarden, der han slapp å ha nærings-sorg. Hadde han ikkje rømt, kunde han kanskje snart få henge kring halsen på ei væn dollarprinsesse – kanhende det var nett difor han rømde.eidemennene har gledd seg i von um at denne sylvrøven blir stamfar til ei ætt so talrik som sanden ved havsens strand. Men sume trur at han hev svolte i hel. Um so er – so er denne sylvrøven no på dei «evige jaktmarker».
Søndmørsposten 18. januar 1924