Skulegutane frå Årsetdal-skulen heldt i ei friykt på å kappspringe nedetter dei bratte Årset-reinone. Han Syvrin-Sigurd gjorde eit veldigt byks, men marka var hard og glatt – han kanta i koll og vart liggande. Han ropte at han hadde brote foten sin. Dei andre trudde berre at det var spøk og moro av Sigurd. Dei lo og kasta snøball på han ei stund. Men då dei skyna det var ålvor sprang dei straks etter læraren og andre som bar Sigurd i hus. Og no ligg han på Ålesunds sjukehus for det avbrotne lårbeinet sitt. Voner Sigurd snart blir frisk i foten so han fær byrje att og kappspringa att med kameratane sine.
Søndmørsposten 18. januar 1924