Sommaren 1733 var kong Kristian VI av Danmark og Norge på si einaste lengre reise i Norge. Over Austlandet fór han til Trondheim. På tilbakeferda frå Trondheim kom fire orlogsskip med det 191 personar store kongefylgjet til Ålesund seint laurdagskvelden 1. august. Måndagen 3. august drog skipa frå Ålesund, men grunna hardvêr i Breisundet og på Storfjorden gjorde dei fleste skipa vendereis. Dei neste dagane vart kongen og folka hans liggjande landtroll i Ålesund, ein stad som fyrst 100 år seinare likna på ein by. Ruskeveret heldt fram, så fyrst den 8. august kom kongen seg avgarde. Sommar-ettermiddagen var det nok ein del vartdalingar som forbina såg den framande flotilja segle forbi ute på heimefjorden deira. Flåten nådde Eiksund kringom midnatt.
Under ruskeveret måtte kontakta mellom kongen og det lokale militærstellet gå over land, mot normalt sjøvegen. Landboe-Avisen (i Volda) av 30. april 1842 fortel at «I Aaret 1733 maatte Kong Christian den 6te med al sin Kongelige Magts Skyds, udholde 8 Dages Forsinkelse i Aalesund for Storfjordens Haardhed; ihvilken Tid Stafeterne mellem Hs. Majestets Qvarteer og Regimentsleiren paa Nordfjordeidet skulde maatte tage Veien over Rommedalen i Ørsten og Barstadvig til Solevog paa Sulelandet.»
Ettersom bodbringarar var innom Barstadvika, kan det vere at dei iallfall der i bygda kan ha forstått kva bøle det var som var ute og bisna, då når krigsskipa segla inn Storfjorden.