Meny Lukk

Buskø – 1933-52

I mai 1932 lyste Jan Hess i Florvåg ut «Ishavsfartøi tilsalgs». Det gjaldt «D/S Buskø, bygget 1926, brutto 158 tonn, netto 68, damp 150 hk, med utstyr». Vel seks månadar seinare, i desember 1932, stod kjøpmann Elling Aarseth i spissen då ishavsskuta vart kjøpt og aksjeselskapet Buskø skipa. Med seg i styret fekk han kjøpmann Ivar Wartdal og skipper Ivar Myklebust.

Frå mars 1933 til midt i mai fanga Buskø 1800 sel i Kvitsjøen og dampa 30 tonn spekk. Også vårvinteren 1934 drog skuta til Kvitsjøen. Tidleg i mai kom Buskø til (eller passerte) Tromsø med «betydelig» maskinskade. «Fangstforholdene har vært forferdelig for de norske skutene». Skipperen Johs. Myklebust (frå Ellingsøya?) opplyste at dei hadde 500 sel (storkobbar) og 15 tonn spekk om bord. Om sommaren dampa Buskø og mange andre ishavsskuter håkjerringtran i Strætet.

Etter sildefiske i januar og februar 1935 stima Buskø, i fylgje med Furenak, nordover midt i mars. Før dei kursa mot Vestisen, bunkra dei kol i Hammerfest. 28. mai kom Buskø inn til Tromsø med 750 gammelsel og 15 tonn spekk, «med andre ord en bomtur». Etter ei vekes tid heime, gjekk ferda til Strætet. Onsdag 17. juli var skuta den fyrste som kom heim frå Strætet. Karane kunne fortelje om stormfullt ver og tett drivis. Med seg hadde skuta ei 300 fat håkjerringtran og 200 tønner islandssild frå Istind. Den 27. juli gjekk Buskø frå Ålesund med seks karar som skulle overvintre i Myggbukta på Aust-Grønland. I slutten av august berga mannskap frå Buskø tre danske fangstmenn og ein filmfotograf som hadde overvintra ved Claveringsundet ein stad, to av dei sjuke. Etter ein 17 timar lang tur med motorbåt var fire bergingsmenn og danskane tilbake på Buskø. Ein frykta for at Buskø skulle fryse inne, men dei lukkast under vanskelege tilhøve og kome ut i rom sjø. Vel heime vart skipper Johannes Myklebust, bestmann Sverre Moldskred (1905-1986), fangstmennene Hermann Andresen og Johan Johansen, samt toktleiar Finn Framne-Hansen tildelt heidersgåver av den danske stat.

13. januar 1936 leverte Buskø 2200 hl storsild, også fine fangstar seinare i månaden. 17. mars vart selfangaren Husvika av Tranøy skrudd ned i Kvitsjøen, mannskapet på Husvika vart berga om bord i Buskø. Buskø låg fleire veker fast i isen, og fekk ikkje dyr før ut i april. Etter bunkring, truleg i Kirkenes, drog skuta på feltet att. Ein av dei siste dagane i mai var Buskø den siste sunnmørsskuta som kom til Tromsø, med 750 «gammelsel» og 15 tonn spekk, «eller med andre ord bomtur». Om sommaren møtte mannskapet gode fangstforhold i Strætet. Midt i august kom skuta til Ålesund med 1600 klappmyss, 50 tonn spekk og 170 tønner håkjerringtran.

Den 30. januar 1937 omkom den 42 år gamle bestmannen Lars Endresen på sildefeltet utanfor Florø. Han «stod i winchen under innhoving av sild, da en wire tok ham, slynget ham rundt og drepte ham på stedet». «Brudd på hjerneskallen» (Klokkarbok for Ålesund prestegjeld). Endresen var gift og busett i Ålesund, opphavleg frå Finnås i Hordaland. Den 29. april kom Buskø frå Vestisen med 1800 dyr. I siste del av mai drog skuta vestover til Strætet. Laurdag 21. august kom skuta heim til Sunnmøre med 500 dyr og 200 fat med håkjerringtran.

Heile januar og februar 1938 gjekk med til snurpefiske etter sild. Sundag 13. mars stima Buskø og ishavsskutene Brandal, Hisø, Vestad, Sel, Fangstmann, Signalhorn, Årvak, Furenak, Polartind, Grande, Isflora, Polaris, Polarstøm, Polhavet, Sunnmøringen, Vesterhavet mot nord frå Ålesund. Dei 17 karane på Buskø kom i slutten av april heim frå Vestisen med bortimot 1000 dyr. Den 23. mai gjekk Buskø og tre andre Aarseth-skuter frå Ålesund til Strætet. Då skuta vende heim i august uttalte Elling Aarseth at sesongen hadde vore mislykka, både kva gjaldt sel og håkjerring.

Etter seks-sju veker med labert sildefiske, gjorde mannskapet på Buskø i mars 1939 klart for ein ny Vestis-tur. På veg til feltet måtte Buskø ta om bord dei 17 som hadde vore ombord i den forliste selfangaren Vestad, også det ei Aarseth-skute. Den 26. april kom Buskø heim med 1200 dyr i lasten. I juni og juli dreiv Buskø nord ved Kvitøya. Med 75 «tønner lettsaltet vare». I august til midt i september sildefiske ved Island.

Frå slutten av januar 1940 sildefiske. Då Noreg vart hærteke i april 1940 jakta Buskø sel i Vestisen. Saman med fleire andre sunnmørs-skuter vende ishavsskuta heim til Sunnmøre litt ut i juni månad.

I september 1941 trefte ein båt frå USA si kystvakt på Buskø ved Grønlandskysten. Sidan i verdskrigen var det Nortraship i New York som disponerte Buskø til august/september 1945. Den 13. august 1946 skreiv Sunnmøre Arbeideravis at «Vår gamle, kjende «Buskøy» siglde inn til Storneskaia i går kveld, grå og trist for synet».

Vinteren og våren 1947 låg Buskø i turrdokk ved Holmens verft i Risør. I mai vart ho sjøsett, som kanskje den mest moderne ishavsskuta vi har (SA 9. mai). I lag med Vesleper gjekk turen til Strætet og fiske etter håkjerring og fangst på klappmyss. Seint i august kom skutene heim, Vesleper med 150 dyr, 8 tonn spekk, 150 tynner håkjerringtran, Buskø med 500 dyr, 22 tonn spekk og 150 tynn håkjerringtran.

Vinteren 1948 låg Buskø på verkstad under vintersildfisket. Ein dårleg Vestis-tur gav 716 dyr og 12 spekk avslutta fyrst i mai. Midt i juni for skipper B Myklebust til Strætet i spissen for 15 mann. Ut i august miste skuta propellen.

Sildefiske frå andre halvdel januar 1949 og ut gjennom februar månad. 16. mars vart Buskø og fleire andre Aarseth-skuter utklarert, framleis med Myklebust som skipper. Kring 1. mai kom Buskø og Furenak heim med høvesvis 250 dyr og 1825 dyr, og høvesvis 20 og 10 tonn spekk. Om sommaren bytte Buskø ut dampmaskinen med ein dieselmotor.

Fyrste halvår 1950 vart Buskø ombygt ved Bolsønes verft i Molde. Etter prøvetur i juni drog skuta over til Strætet. Ein av dei fyrste dagane i september kom mannskapet heim med «full fangst».

Godt sildefiske i siste delen av januar 1951, mellom anna ein last på 1500 hektoliter. Fisket heldt fram med mindre fangstar i februar. I «dag tidleg», 11. april, kom «Buskø» med full last. Skute etter skutte kom i løpet av få dagar heim til dels eventyrlege fangstar frå Vestisen. Turen til Strætet enda kring månadsskiftet juli/august, Buskø landa 250 dyr, 80 tonn spekk og 125 hl håkjerringlever.

Den 13. februar 1952 lossa Buskø 2200 hl storsild i Måløy. Til vanleg tid i mars forlet skuta Sunnmøre. Den 27. mars siste kontakt med folk ombord. I løpet av 4. april, reknar ein med, forsvann Buskø i djupet med alt sitt mannskap.

Dei som bleiv:

Skipper Petter Liavåg, Hareid (44 år), skyttar Karsten Larsen, Hareid (53), andreskyttar Leiv Aarseth, Vartdal (40), stuert Gisle Myklebust, Vartdal (37), messegut Kjell Hansen, Ålesund (16), fangstfolka Odd Folland, Kårvåg (39), Alf Solheim, Herøy (37), Arne Moldskred, Ulstein (35), Odd Bjørndal, Vartdal (34), Olaf Solheim, Hareid (32), Edvin Folland, Kårvåg (30), Ragnvald Færø, Herøy i Helgeland (28), Sigurd Liavåg, Hjørungavåg (23), Hans Ødegård, Vartdal (23), Harald Nes, Borgund (19), Johan H. Sætre, Vartdal (19), Hjalmar Bjellvåg, Eide (18), maskinist Hjalmar Tøssebro, Borgund (48), maskinassistent Elling Myklebust, Vartdal (43), smørjar Jarle Romestrand, Vartdal (16) år.

Du kan lese meir om Buskø i «Ishavskuter III», ei bok du kam låne på VD-museet.