Meny Lukk

Folk frå fortida – Ole G. Myklebust

Ole G. Myklebust (1888-1970) var frå Guttormegarden. I 1908 gjorde han militærteneste om bord i panserskipet Norge (sjøsett 1901). Tre år seinare var han ein av dei åtte karane som gjekk saman om å kontrahere dampskipet Ramoen, den fyrste havfiskebåten i Vartdal som om våren 1912 kom til bygds. Partsreiarlaget beheldt båten til han i 1918 vart seld for gode pengar til Jan Hess, busett i Askøy i Hordaland. Alt tyder på at Ole var fiskar om bord i Ramoen alle desse seks åra båten sokna til Vartdal. Iallfall var han med dei rike åra under fyrste verdskrigen. Hausten 1913 gifta Ole seg med Sina Eliassdotter Frøysa frå Bigset i Hareid. Åra frå 1914 til 1924 vart dei foreldre til Gisle, Einar, Ingrid [Hunnes], Laurits, Oskar og Solveig [Hestås]. Kring 1920 busette familien seg på eigedomen Bakketun på Myklebust, fekk opp stovehus og løebygning. På småbruket hadde dei nokre få kyr og litt fleire sauer. I 1926 bygde Ole eit lite kraftverk som ytte 2 kilowatt, verket var i bruk til 1939-40. Kring 1926/27 var han ein av dei som prøvde seg på avl av chinchilla, eit tiltak som ikkje slo til. Også i andre halvdel av 1920-åra etablerte han Bakketun Revegard, dreiv så med sylvrev ei tid frametter. I 1932 var han på å stifte reiarlaget Dolsøy, men det er høgst usikkert om han var med fiskebåten «Dolsøy» på sjøen. Ole var medlem av fattigstyret i Vartdal herad frå 1915?, og kanskje samanhengande til 1930-åra. Elles vart han brukt som likningsmann og han var aktiv for Den lutherske indremisjonen.