Meny Lukk

1923-åringane

Med 1923-åringane vert det her sikta til borna som vart fødde i Vartdal herad i året 1923, samt dei personane fødde andre stader same året som vart vartdalingar gjennom eigne eller andre sine val.

DEI INNFØDDE

Helge Masdal, Ingebjørg Sætre, Ivar S Vartdal, Magne R Sætre, Petter P Sætre, Petter J Buset, Petter S Masdal, Ingrid Hovde (Humlung), Magnar J Vartdal og Erling Bortne. Tre av desse døydde i yngre år. Petter J Buset vart drepen i 1944 då allierte krigsfly angreip båten han var om bord i på nordmørskysten. Erling Bortne døydde 1946 og Magne R Sætre i 1953.

Helge Masdal (1923-2009).

DEI INNFLYTTE

Ivar Aklestad kom frå Hjørundfjord til Myklebust, Marit Vartdal frå Ulstein til Nørevartdal og Sofie Sylte frå Selje i Nordfjord til Melbø.

DEI UTFLYTTE

Odd Volle slo seg ned i Sula og Karen Myklebust (Heggem) i Ålesund, medan Rolf Barstad budde i Sykkylven. Margit Barstad (Godøy) og Lidunn Buset (Blindheim) vart gifte til høvesvis Valderøya og Vigra, Margit døydde allereie i 1944. Petter Volle hadde heim i Vestnes kommune. Bort frå Sunnmøre fór òg Aasta Kleiva (Hjetland) til Høyanger i Sogn, Aasta Aarset (Grønvold) til Nordre Land i Oppland, Kjell Myklebust til Egersund i Rogaland, Martha Vartdal (Saugnes) til Oslo og Helge Ødegård til Langesund i Telemark.

Aasta Hjetland runda 100 år den 5. juli på Kyrkjebø sjukeheim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *